Per Jørgen Silden dgl Skipskompetanse foto Ogne
NEDGANG: Per Jørgen Silden og kollegaene i Skipskompetanse må attende til 2016 for å finne eit år med like låg inntekt som i 2023. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Meir enn halverte inntektene i fjor

Tøft år for Skipskompetanse i Måløy

24.06.2024

I 2022 hadde skipsdesignselskapet i Måløy si hittil høgaste inntekt nokon gong. I fjor vart den meir enn halvert (sjå tabell) og selskapet har ikkje hatt lågare inntekt sidan 2016.

- Alt gjekk for full fart, sa dagleg leiar og eigar Per Jørgen Silden om året 2022, fram til grunnrenteskatten for oppdrettsnæringa vart varsla i september det året.

Etterpå har det handla om å begrense tap, sa han til Nett No i fjor. Blant anna vart ein del av dei tilsette permittert.

Forverrringa av marknaden som starta hausten 2022 slo ut ut 2023-tala.

Stigande trend
Skipskompetanse i Måløy har hadde ein stigande trend sidan 2014 og frem til i fjor.

Frå 2020 til 2021 auka driftsinntektene med 50 prosent. 2021 blei også eitt av dei mest lønsame selskapet har hatt.

Skipskompetanse as
Tal i mill. kroner20232022
Driftsinntekt17,5

46,8

Driftsresultat-2,55,8
Resultat før skatt-1,65,6

Då Nett No i fjor skreiv om 2022-resultatat til heile skipsdesignbransjen sa styreleiar og medeigar Egil Sandvik i Salt Ship Design på Stord at 2023 ville bli eit vesentleg tristare år enn 2022. Stord-selskapet var det største skipsdegisnselskapet i 2022, målt i inntekt.

Det har vore lite kontraktar sidan i fjor sommar, sa Sandvik. Grunngjeving for den pessimistiske spådomen var at den same som Silden hadde som forklaring på at marknaden stoppa opp i 2022 - varselet om grunnrenteskatt på oppdrettsnæringa.

Bremsene vart sett på, og investeringar mellom anna i nye båtar, blei lagt på is. I tillegg vart fiskarane usikre på om grunnrenteskatt blir innført også for dei.

Full stopp
Silden skriv i ei tekstmelding til Nett No at bremsen i 2023 har vart også inn i 2024:

"Både oppdrett og fiskeri fikk for oss full stopp i 23 og omsetning og resultat er som konsekvens av dette. 24 har startet på samme måte, men vi har hatt et greit ettermarked. Vi arbeider med flere spennende prosjekt nå, som vi håper og forventer skal materialisere seg i løpet av året. Det tar litt tid før en tilpasser seg et nytt prisbilde pga nye skatter, renter og valuta. Og for fiskeri gjelder det sammen for fiskermeldinga og reduksjon i kvoter."

Publisert: 24.06.2024 09:12

Sist oppdatert: 24.06.2024 19:32

Mer om