Sunny Lady 1 foto Teige Gruppen
TEIKNA PÅ STORD: Kombinasjonsbåten Sunny Lady kan både drive fiske og ta andre oppdrag. Det er teikna av Salt Ship Design på Stord og bygd i Tyrkia for Teige Gruppen i Herøy. Foto: Teige Gruppen.
Nytt

«Vesentleg tristare» etter to gode år

Fjorårets vekstvinnar blant skipsdesignarane, har fått det tøffare i år. Det viser årets resultatoversikt.

12.09.2023
NETT NO-barometeret

- 2023 blir eit vesentleg tristare år enn 2022. Det har vore lite kontraktar sidan i fjor sommar, seier styreleiar og medeigar Egil Sandvik i Salt Ship Design på Stord.

I fjor auka selskapet inntektene med over 30 prosent og fekk i særklasse den beste lønsemda i bransjen, som har sine tyngdepunkt på Nordvestlandet og i Sunnhordland.

  • Under vignetten NETT NO-barometeret, ser vi på korleis det går med bransjar på Nordvestlandet. Dette er åttande artikkel med utgangspunkt i 2022-rekneskapa (sjå alle artiklane under)

Brems med grunnrenteskatten
Sandvik seier omslaget kom med regjeringa sitt varsel om grunnrenteskatt på oppdrett. Bremsene vart sett på, og investeringar mellom anna i nye båtar, blei lagt på is.

Fiskarane vart usikre på om grunnrenteskatt blir innført også for dei.

For eit selskap som hentar 25 til 30 prosent av inntektene sine frå å designe båtar til oppdrett- og fiskerinæringa, merkast det godt når potensielle kundar set seg på gjerdet - og sit der framleis.

- Til hausten burde vi hatt meir å gjere, seier Sandvik.

Hans vurdering er alt heile bransjen opplever det same som Salt Ship Design. Trøsta er skipsdesign er ein syklisk bransje, og om 2023 blir dårleg, bør 2024 bli betre, meiner han.

Permitteringar i Måløy
Dagleg leiar Per Jørgen Silden i Skipskompetanse i Måløy har hatt ein del av arbeidsstokken permittert i eit halvt år fordi ordreinngangen tørka inn i fjor.

Selskapet fekk vekst (sjå tabell under), men ikkje så stor som Silden opphavleg hadde venta.

- Alt gjekk for full fart, seier Silden om året 2022, fram til grunnrenteskatten vart varsla i september. Etterpå har det handla om å begrense tap.

- Året har kun handla om å reduserere skaden, seier Silden.

Lønsame år for bransjen
Både 2021 og 2022 var gode år for skipsdesignbransjen samla sett, som det går fram av tabellen under.

Lønsemda var vesentleg høgare enn i 2020, og sjølv om inntektene gjekk ned - auka lønsemda målt i prosent av driftsinntektene.

To av 14 gjekk i minus i fjor
Berre to av 14 selskap gjekk i minus, mot tre av 14 i 2021.

Ett selskap er blitt borte på vegen. Men etter Naval Consult-konkursen i tidlegare Vågsøy kommune i fjor, vart tilsette rekruttert inn i Harstad-selskapet NSK Ship Design, som dermed sikra seg eit avdelingskontor på Nordvestlandet.

Tala frå dei ulike selskapa i tabellen kan ikkje samanliknast direkte. Både Ulstein Design & Solutions og Hav Design sel utstyrspakkar i tillegg til designarbeid. NSK Ship Design utfører også inspeksjonsarbeid.

Skipsdesignselskap
Tal i mill. kroner
DriftsinntektRes. f. skatt
Selskap2022202120222021
Salt Ship Design309,4164,5180,343,7
Skipsteknisk162,8169,126,557,0
Ulstein Design & Solutions147,0226,47,59,8
Hav Design145,2621,015,292,3
NSK Ship Design78,8110,59,533,0
Vard47,554,71,03,7
Skipskompetanse46,842,65,612,0
Breeze Ship Design31,614,53,12,2
Marin Teknikk28,837,2-19,4-5,0
Multi Maritime28,431,9-11,8-12,3
Solstrand Trading8,37,54,52,3
Tomra Engineering8,09,41,63,0
Sirius Design & Integration6,70,0-5,9-1,9
Seacon4,34,70,1-1,3
Sum1053,61494,0217,8238,5

Fleire saker frå NETT NO-barometeret under:

Publisert: 12.09.2023 05:00

Sist oppdatert: 12.09.2023 02:14

Mer om