Det mykje omtala skroget til eit nybygg som Rimfrost har hatt under bygging ved Tersan-verftet i Tyrkia, er til sals.
Det stadfestar skipsmeklar Ture Korsager i Atlantic Shipping til Nett No.
Sjefen for det danske meklarselskapet skriv i ein sms at kontrakten mellom verftet og Westcon blei terminert allereie i 2023.
– Vi ble bedt om å finne ein alternativ kjøpar. Det jobbast der fortsatt med, skriv Korsager – og legg til at han ikkje har meir å fortelje for augneblinken.
Remøy: – Ukjent for meg
Rimfrost har som kjent hamna i strid med verftselskapet Westcon, som ifølgje planen skulle utrustet skroget etter at arbeidet var ferdig hos Tersan.
Rimfrost-eigar Stig Remøy fortalde til Nett No onsdag at dei jobba med å få saka inn i ein ordinær rettsprosess «så snart som mogleg».
Remøy sa også at han var kjent med at andre aktørar hadde forsøkt å få hand om skroget. På spørsmål torsdag om korleis Rimfrost vil handtere at skroget er til sals i marknaden, svarar Remøy følgjande:
«Dette er ukjent for meg, men svært interessant informasjon siden det var samme megler som sørget for at Aker Biomarine fikk kjøpe Juvel», skriv han i ein sms til Nett No.
Tersan-direktør Sakir Erdogan opplyste til Nett No onsdag at dei ikkje kunne uttale seg om prosjektet.
Har varsla betydeleg krav
Striden mellom Rimfrost og Westcon førte til at kontrakten dei imellom blei kansellert, og partane har hatt ei voldgiftssak som i haust blei sett på vent.
Rimfrost har varsla eit betydeleg krav mot Westcon i samband med striden. Verftsselskapet held på si side tilbake ein krillfabrikk som skulle om bord på skipet, som sikkerheit for krav dei meiner å ha.
Reiarlaget opplyste i fjor at dei ville ferdigstille nybygget ved eit anna norsk verft.
Fleire år forseinka
Den 120 meter lange fabrikktrålaren skulle etter den opphavlege planen allereie vore i fiske etter krill i Antarktis.
Skroget blei sjøsett i 2021 og skulle slepast til Norge frå det tyrkiske Tersan-verftet, for utrusting ved Westcon-verftet i Florø hausten 2022.
Slik gjekk det altså ikkje.
Rimfrost har ikkje vore ute på fiske med eigen båt sidan 2016. I fjor selde dei framleis av lageret dei hadde frå den gong.
Les også
Publisert: 07.11.2024 15:52
Sist oppdatert: 07.11.2024 22:41