Rimfrost krillskip innfelt stig remoy foto rimfrost marius
UFERDIG SKIP: Herøy-reiar Stig Remøy (innfelt) har hamna i krangel med Westcon undervegs i bygging av det nye krillskipet. No fortel reiaren at andre aktørar forsøker få hand om skroget. Foto: Marius Rosbach/Rimfrost
Nytt

Seier andre har forsøkt å få hand om nybygg

Stig Remøy fortel at Rimfrost jobbar for å få løyst striden om ny krilltrålar snarast råd.

Marius Rosbach
07.11.2024

Det er godt kjent at Rimfrost og verftsselskapet Westcon har roke uklare om bygginga av eit nytt krillskip for Herøy-reiarlaget.

I mellomtida ligg skipet til kai ved Tersan-verftet i Tyrkia. 

No fortel Rimfrost-eigar Stig Remøy til Nett No at han er kjent med at andre aktørar har forsøkt å få hand om skipet. 

– Båten er designa for Rimfrost sin fangst, prosesseringsteknologi og produkter som er patenterte. Et kjøp av båten fra andre enn Rimfrost gir dermed ingen meining, då dette vil kreve betydelege ombyggingar, skriv Remøy i ein sms. 

Han har ingen kommentar på spørsmål om han kjenner til kva aktørar det er snakk om. 

Direktør for forretningsutvikling Sakir Erdogan ved Tersan Shipyard opplyser til Nett No at dei ikkje kan uttale seg om prosjektet/skroget. 

I ein e-post skriv han at årsaka er fleire engasjement og verftselskapets sine juridiske forpliktingar knytt til desse.

Tersan 2 sakir erdogan
INGEN KOMMENTAR: Sakir Erdogan ved Tersan Shipyard opplyser at verftselskapet ikkje kan svare på spørsmål om det har vore anna interesse kring nybygget Rimfrost har under bygging. Her frå eit tidlegare besøk på Sunnmøre. Arkivfoto: Kjetil Haanes

Held krillfabrikk som sikkerheit
I årsmeldinga til Rimfrost som blei offentleg denne veka, kjem det fram nye detaljar om striden mellom reiarlaget og verftsselskapet Westcon, som i utgangspunktet skulle utruste skipet. 

Ifølgje årsmeldinga held verftsselskapet tilbake krillfabrikken som skal om bord på fartøyet, som sikkerheit for det omtvista kravet.  Vidare heiter det at fabrikken seinast blir utlevert når ein pågåande voldgiftprosess er endeleg avgjort.

I årsmeldinga datert i juli, står det at partane skulle møtest i haust, men Nett No melde i september at saka var utsett på ubestemt tid. 

Vil ha opp saka «så snart som mogleg»
Rimfrost-eigar Stig Remøy fortel til Nett No at dei framleis ser det som truleg at dei må vente på ei avgjerd i voldgiftsaka. 

Han fortel at det er gjort mange forsøk på å kome til ein avtale, utan å lukkast. 

Westcon-sjef Øystein Matre skriv til Nett No i ein sms at Rimfrost kan hente ut utstyret sitt kva tid som helst. 

Vilkåret er at dei stiller sikkerheit for kravet verftsselskapet måtte ha etter at saka er behandla av retten. 

Voldgift - eller skilsdom - vil seie at partane tek saka inn for ein domstol for mekling. Ein slik prosess er ikkje offentleg, slik hovudregelen er for saker som blir behandla av dei vanlege domstolane.

Stig Remøy fortel at det no blir jobba med vitne og bevis for å få saka inn i ein ordinær rettsprosess. 

– Rimfrost ønsker å få den opp så snart som mogleg, skriv han som svar om status om saka. 

Stig remoy foto marius
VIL HA LØYSING: Rimfrost-eigar Stig Remøy fortel at reiarlaget ønsker ei løysing på saka snarast råd. Foto: Marius Rosbach

Betydelege verdiar
Lite har vore kjent om innhaldet i striden. Tidlegare er det hevda at krangelen står om verdiar for kring 276 millionar kroner, men det er ikkje stadfesta av partane. 

Rekneskapsposten som heiter «Lager av varer og annen beholdning» i fjorårets Rimfrost-rekneskap er på knappe 405 millionar kroner - og inneheld mellom anna leveransen av krillfabrikken, heiter det i årsmeldinga til selskapet. 

Det høyrer med til historia at Remøy-reiarlaget har varsla eit betydeleg erstatningskrav i saka. Westcon meiner på si side at det ikkje er grunnlag for kravet frå Remøy-selskapet.

Samtidig har Westocn på si side skulda eigarselskapet Olympic Group, for å fare med løgn i årsmeldinga for 2023, der dei hevda verftsselskapet hadde handla i strid med kontrakten. 

Rimfrost krillskip sjøsetting foto 22
ETTER SKJEMA: Skipet som har ein rekke norske leverandørar, skulle vore ferdig frå Westcon si side hausten 2022. Det er framleis uvisst kva tid fabrikktrålaren blir klar for fiske. Foto: Privat

Fleire år forseinka
Den 120 meter lange fabrikktrålaren skulle etter den opphavlege planen allereie vore i fiske etter krill i Antarktis.

Skroget blei sjøsett i 2021 og skulle slepast til Norge frå det tyrkiske Tersan-verftet, for utrusting ved Westcon-verftet i Florø hausten 2022. 

Slik gjekk det ikkje, og framleis er det uvisst når skipet blir ferdig utrusta. 

Byggeavtalen kansellert
I fjor vart skipsbyggingsavtalen med Westcon kansellert. Reiarlaget opplyste då at dei ville ferdigstille nybygget ved eit anna norsk verft.

Kva verft som skal fullføre arbeidet er ikkje kjent. Etter det Nett No har erfart, vil det avhenge av utfallet av striden med Westcon.

Om bord på den nye trålaren til Rimfrost skal krillen bli til helsekostprodukt og kosttilskott med ein eigenutvikla metode. 

Ventar oppsving med nytt skip
Reiarlaget har ikkje vore ute på fiske med eigen båt sidan 2016. I fjor selde dei framleis av lageret dei hadde frå den gong.

2023-rekneskapen viser ein nedgang i omsetninga, og ei forverring av resultatet frå året før (sjå tabell under).

Fjoråret vart dårlegare enn venta, delvis grunna sal som blei forskyve til 2024, opplyser styret i årsmeldinga. 

Reiarlaget ventar at både inntekter og resultat vil auke betrakteleg etter levering av det nye krillskipet. Dei har óg styrka organisasjonen for å få best mogleg omsetning når auken kjem, blir det opplyst i årsmeldinga. 

Rimfrost As  
I mill. kroner20232022
Driftsinntekt69,983,7
Driftsresultat-26,1-22,8
Resultat før skatt-23-20,5

Publisert: 07.11.2024 05:00

Sist oppdatert: 07.11.2024 20:04

Mer om