Mellom topp ti i USA
PÅ TOPP: Ålesundaren Pål Kibsgaard-Petersen er den niande best betalte toppsjefen i USA.
Nytt

Mellom topp ti i USA

Ålesundaren Pål-Kibsgaard-Petersen er den niande best betalte toppsjefen i USA.

23.04.2014
Dette skriv onsdag.
Kibsgaard-Petersen leier oljeservicegiganten Schlumberger, og bur i Houston, USA, saman med kone og barn. Dermed skattar Kibsgaard-Petersen også til USA, og Finansavisen gjengir ei fersk liste over USA sine best betalte toppsjefar. Listene er presenterte i New York Times og Equilar.
Med løn, opsjonar og andre goder i 2013, tente Kibsgård-Petersen 22 millionar dollar, noko som tilsvarar vel 130 millionar kroner.
Til samanlikning hamna Goldman Sachs-toppsjef Lloyd C. Blankfein på ein 16. plass, med 119 millionar i løn og kompensasjon i 2013.

Mellom verdas mektigaste

Kibsgaard-Petersen er dermed den desidert best betalt norske toppsjefen.
Frå før er Kibsgaard-Petersen å finne på Foreign Policy si liste over dei 500 viktigaste leiarane i verda, ei liste som også vert kalla for 0,000007 prosentane, dei menneska som er mektigast på kloden.
Schlumberger-sjefen stiller sjeldan opp offentleg, men gjorde 6. februar i år eit unntak då han talte på eit utvida medlemsmøte i Shippingklubben i Ålesund. Dette var hans første tale i Norge etter at han 21. juli 2011 vart utnemnd som ny toppsjef i Schlumberger.

120.000 tilsette

Schlumberger er i dag verdas leiande oljeserviceselskap og dekker alle område fra leiting til produksjon. Selskapet sysselset rundt 120.000 tilsette fordelt på 140 nasjonalitetar med operasjonar i meir enn 85 land.
Schlumberger eig også WesternGeco, verdas største seismikkselskap.

Publisert: 23.04.2014 18:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:32