Ved inngangen til 2020 budde Vik Ørsta seg på ein nedgang i driftsinntektene, etter ein auke på over ni prosent frå 2018 til 2019.
Då koronaepidemien kom permitterte selskapet på det meste 80 tilsette.
Snart var imidlertid alle attende på jobben og selskapet låg an til at 2020 skulle bli omlag like bra som 2019. Reknskapen for 2020, som no er klar, viser at forventingane frå i fjor sommar slo til, og for 2021 spår Vik Ørsta at tala blir omlag som i fjor.
Størst
Vik Ørsta har produksjonsanlegg i Ørsta og Vik i Sogn og er det største og viktigaste selskapet i Saferoad-konsernet.
Konsernet lagar vegsikringsutstyr, frå rekkverk og lysmaster, til autovernskinner og fjellsikringboltar.
Investeringselskapet FSN Capital - som forvaltar investeringsfond - kom i midten av mai 2018 med eit bod på alle aksjane i Saferoad og tok Saferoad-konsernet av børs.
Vik Ørsta as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekt | 696,8 | 713,2 |
Driftsresultat | 56,9 | 59,3 |
Resultat før skatt | 55,1 | 55,2 |
Saferoad Holding as (konsern) | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | |
Driftsinntekt | 5258,2 | |
Driftsresultat | 258,1 | |
Resultat før skatt | 101,7 |
Publisert: 12.10.2021 15:51
Sist oppdatert: 12.10.2021 15:51