Stein Inge Rem Rempro foto Ogne
PÅ VENT: Oppdrettarane sette innkjøp på vent etter grunnrenteskatten og Stein Inge Rem og hans tilsette i Rempro fekk mindre å gjere. Foto: Ogne
Nytt

Merkar at oppdrettarane sette bremsene på

Inntektene til Rempro i Liabygda var rekordhøge i fjor, men mot slutten av året dabba marknaden av.

15.06.2023

Rempro lagar mellom anna glasfiberstenger til å halde oppe netta oppdrettarane spenner opp over anlegga sine for å hindre fugl i å forsyne seg av fisken.

I fjor henta Rempro omlag halvparten av inntektene sine frå oppdrettsmarknaden. Slik blir det ikkje i år. Den oppbremsinga i marknaden dagleg leiar og eigar Stein Inge Rem merka mot slutten av 2022 har halde fram i år. Blir det ikkje betre må selskapet vurdere å reduserer arbeidstokken, seier han.

- Det er grunnrenteskatten som gjer at dei (oppdrettselskapa, red. merk) sette ein del på vent, seier Rem.

Eig to selskap
I starten av 2023 vart det kjent av Rem har kjøpt Formvac på Hellesylt, som lagar formstøypte plastprodukt, mellom anna for møbelindustrien.

Begge selskapa skal vere datterselskap av Rem sitt selskap Rempro Holding.

Målet er å hente ut gevinstar ved å samordne drifta av dei to selskapa, ifølgje Rem.

Rempro i Liabygda av 11 tilsette , Formvac på Hellesylt ni.

Rempro as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt35,532,1
Driftsresultat10,58,4
Resultat før skatt10,49,0
Formvac as

Tal i mill. kroner

20222021
Driftsinntekt15,812,6
Driftsresultat0,10,5
Resultat før skatt-0,020,4

Publisert: 15.06.2023 14:00

Sist oppdatert: 15.06.2023 14:18