Stein Inge Rem Rempro foto Ogne
VEKST: Både 2020 og 2021 blei vekstår for Stein Inge Rem si bedrift, Rempro, i Liabygda. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ser Russland-marknaden forsvinne

Russiske oppdrettsanlegg var ein veksande marknad for Rempro i Liabygda, men så starta krigen.

18.03.2022

Rempro sitt hovudprodukt er glasfiberstenger som held oppe fuglenetting over oppdrettsanlegga. Frå å ligge rundt 20 millionar kroner i driftsinntekter årleg i fleire år, passerte Rempro både i 2021 og 2020 30 millionar kroner i årlege driftsinntekter, med god lønsemd (sjå tabell).

Auka eksportinntekter er ein del av forklaringa på eksportveksten i fjor, mellom anna til Russland. Eksporten til Russland var rett nok relativt liten, men der vart potensiale for vekst.

- Den kunne blitt viktig, seier dagleg leiar og eigar i Rempro, Stein Inge Rem.

No er Russlandmarknaden ikkje noko å tenkje på lenger, etter åtaket på Ukraina og handelssanksjonane som er innført, ifølgje Rem.

Dyrare råvarer
Både glasfiber og polyester har blitt dyrare både i innkjøp og frakt. Det medverkar til at Rem er usikker på i kor stor grad Rempro greier å nå same lønsemd som i fjor, sjølv om han ventar vekst i driftsinntektene.

Selskapet sysselsette ni årsverk i fjor.

Rempro har i fleire år arbeidd med å utvikle ein stolpe i kompositt for å vinne innpass i stolpemarknaden etterkvart som trestolpar impregnert med kreosot blir fasa ut.

Rempro har inngått eit samarbeid med selskapet Melbye Skandinavia, som leverer utstyr til kraftbransjen. Planen er å teste ei produksjonsline hos utstyrsleverandørar i Tyskland og etablere produksjon i Noreg når produksjonslina fungerer som den skal.

Inntil vidare har reiserestriksjonar og andre konsekvensar av koronapandemine gjort at stolpesatsinga er lagt på is på uviss tid.

Rempro as
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt32,130,8
Driftsresultat8,47,9
Resultat før skatt9,07,9

Publisert: 18.03.2022 09:05

Sist oppdatert: 22.05.2023 09:45

Mer om