Rempro kjøper Hellesylt-firma
Skal leie 24 tilsette i to Stranda-bedrifter framover.
Rempro i Liabygda har kjøpt selskapet Formvac på Hellesylt. Det kjem fram i ei pressemelding som lokalavisa Nyss omtaler.
Rempro har 13 tilsette og Formvac har 11 personar i arbeid. Dagleg leiar og eigar i Rempro, Stein Inge Rem, vil leie begge selskapa framover.
Til saman vil dei to selskapa ha ei årleg omsetning på kring 50 millonar kroner, og Rem ventar vekst.
Formvac-eigarar trappar ned
Stein Inge Rem fortel at
bakgrunnen for salet, er at eigarane og leiinga i Formvac trappar ned – og meiner Rempro er rett verksemd til å utvikle
selskapet vidare.
Bedrifta blei starta tidleg på 1960-talet og lagar plastkomponentar
til industrien. Kjell Opsvik og Marit Sæten Opsvik som har leia
Hellesylt-bedrifta, blir med ei tid framover.
Sistnemnte blir også med i det nye Formvac-styret. Leif Magne Klubbenes blir styreleiar for begge selskapa.
Dei to selskapa har samanfallande teknologi og kundar. Rempro har hatt suksess med ulike produkt i kompositt, og Stein Inge Rem meiner det er synergiar og hente mellom dei to selskapa.
– Å bygge industriarbeidsplassar i regionen, ved å utnytte og utvikle konkurransekraft gjennom kompetanse, bidreg til å utvikle både mangfald og lokalmiljø. Dette er ei viktig drivkraft for oss og er ein viktig del av vårt berekraftperspektiv og det lokale samfunnsansvaret vi ønskjer å ta, uttaler han i meldinga.
Inntektshopp og god lønnsemd
Det noverande Rempro-selskapet blei starta i 2022, men bedrifta har
eksistert sidan tidleg på 2000-talet. Hovudproduktet dei siste åra har
vore glasfiberstenger som held oppe fuglenetting over oppdrettsanlegga.
Etter ei omsetning på kring 20 millionar i fleire år, fekk dei eit hopp i inntektene i 2020 og 2021 til rundt 30 millionar kroner. Samtidig har det vore svært god lønnsemd, med driftsmarginar på kring 25 prosent.
Då NETT NO snakka med Rem i fjor sommar, kunne han fortelje at dyrare råvarer og frakt, gjorde at han var usikker på om dei ville greie å nå same lønnsemd i 2022.
Publisert: 11.01.2023 20:30
Sist oppdatert: 12.01.2023 07:31