Merkar dei toeffare tidene
ULSTEINVIK: Frode Gjerde og Rørservice har satsa stort på ny butikk, som er den første interaktive VVS-butikken i landet. 
Nytt

Merkar dei tøffare tidene

Rørservice har vakse raskt, men merkar no at det er tøffare tider.

01.08.2016
- 2015 vart eit tøft år for oss alle. Det er klart at det som skjer rundt oss også påverkar oss.
Det seier dagleg leiar Frode Gjerde i Rørservice Ulsteinvik. Selskapet reduserte omsetninga med 7,8 millionar kroner frå 2014 til 2015, og fekk i fjor eit resultat før skatt på minus 0,2 millionar kroner. Året før var det plusstal.
Rørservice ligg midt i det maritime smørauget, og merkar fort når offshorereiarlag og verft får problem.
- Ja. Vi er ein del av den maritime marknaden. Når det vert problem, gir det oss utfordringar.
Offshoreproblema held fram med full tyngde i 2016.
- No handlar det om å sørge for at våre kompetente medarbeidarar har fast jobb, seier Gjerde.
Selskapet har 19 tilsette, og Gjerde opplyser at ein starta året med å ha nok arbeid fram til ferien.
- No har vi fått inn ein del nye kontrakter som gjer at vi klarer å ha nok arbeid til alle i 2016, seier han.
I februar i år starta Rørservice norges første interaktive VVS-butikk.
Les meir om satsinga .
Gjerde seier at konseptet framleis er under utvikling.
- Mange synst dette er spennande, og vi får mest positive opplevingar.
- Men det finst også ein del kundar som ønskjer ei ordinær rørleggarforretning, seier han.
Eigarar av Rørservice er Palmar, Frode, Turid, Silje og Even Gjerde med 20 prosent kvar gjennom selskapa Gjerde Invest og P. Gjerde Holding.
No handlar det om å sørge for at våre kompetente medarbeidarar har fast jobb

Publisert: 01.08.2016 16:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58