- Ja, slik ratene er i Nordsjøen i dag, er det for enkelte av skipa meir lønsamt å ha dei i opplag enn å ha dei i arbeid.
- På sikt kan vi ikkje ha det slik.
Det seier Rem Offshore-direktør Åge Remøy.
- Ja, tala frå siste kvartal var til å leve med, seier Remøy.
Han fryktar at dette var det siste gode kvartalsresultatet på ei stund.
- Vi veit at det vert krevjande framover, også for oss. Innteninga vil gå ned, og då må vi gjere det vi kan for å redusere kostnadene.
- Desse vert liggjande, det er sikkert, slik situasjonen er no.
Han seier at det kan verte aktuelt å ta endå fleire skip ut av marknaden.
- Ja, dette er noko vi vurderer. Det som kan stoppe det er at det vert ei betring i ratene.
- Her er ratene greie, og det er i stor grad desse skipa som finansierer aktiviteten i selskapet.
Rem Offshore har ei samla gjeld på 4,9 milliardar kroner.
Norda-analytikar Kristoffer Pedersen uttala nyleg at han frykta konkursbølgje i offshore ettersom mange selskap har store obligasjonslån som forfell til betaling i 2016 og 2017.
- Vi har to obligasjonslån, det første har forfall i 2018 og det andre i 2019.
- Vi håpar at marknaden har betra seg til den tid.
- På sikt kan vi ikkje ha det slik.
Det seier Rem Offshore-direktør Åge Remøy.
- Til å leve med
Selskapet la fram gode kvartalstal tysdag.- Ja, tala frå siste kvartal var til å leve med, seier Remøy.
Han fryktar at dette var det siste gode kvartalsresultatet på ei stund.
- Vi veit at det vert krevjande framover, også for oss. Innteninga vil gå ned, og då må vi gjere det vi kan for å redusere kostnadene.
Vurderer meir opplag
Selskapet har tolv PSV-skip. To av dei ligg alt i opplag.- Desse vert liggjande, det er sikkert, slik situasjonen er no.
Han seier at det kan verte aktuelt å ta endå fleire skip ut av marknaden.
- Ja, dette er noko vi vurderer. Det som kan stoppe det er at det vert ei betring i ratene.
Bra for subsea
Rem Offshore har seks subseaskip. Alle har oppdrag til ut i 2016.- Her er ratene greie, og det er i stor grad desse skipa som finansierer aktiviteten i selskapet.
Rem Offshore har ei samla gjeld på 4,9 milliardar kroner.
Norda-analytikar Kristoffer Pedersen uttala nyleg at han frykta konkursbølgje i offshore ettersom mange selskap har store obligasjonslån som forfell til betaling i 2016 og 2017.
Låneforfall i 2018 og 2019
Åge Remøy seier at for Rem Offshore er ikkje dette noko aktuell problemstilling.- Vi har to obligasjonslån, det første har forfall i 2018 og det andre i 2019.
- Vi håpar at marknaden har betra seg til den tid.
Desse vert liggjande, det er sikkert, slik situasjonen er no
Publisert: 26.08.2015 05:56
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:46