Flyplass ålesund lufthavn vigra foto marius 11
FLEIRE FLAUG: Talet på flypassasjerar passerte 2019-nivået i juli månad viser ferske tal frå Avinor. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Milepåle for flytrafikken

Vigra-flyplassen passerte nivået før koronapandemien i juli.

Marius Rosbach
16.08.2023

99.266 passasjerar reiste over Ålesund lufthamn Vigra i juli månad. Det er første gong flyplassen opplever ei auke for månadstala, samanlikna med nivået før koronapandemien.

Det opplyser lufthamnsjef Bent Helge Sjursen i ei pressemelding.

Målt mot juli 2019, utgjorde passasjertala ei auke på 6,2 prosent. Samanlikna med juli i fjor, auka passasjertala med 25 prosent.

Så langt i år har drygt 600.000 reist over flyplassen – ei auke på 21 prosent samanlikna med i fjor.

Stor nedgang i juli for Hovden
Ørsta-Volda Hovden lufthamn hadde ein stor nedgang i årets juli månad. 3627 passasjerar totalt, er 50 prosent færre reisande samanlikna med i fjor.

Årsaka er at flyplassen har vore stengt fleire veker i sommar.

Så langt i år har litt fleire enn 51.000 reist via Hovden – ein nedgang på 8 prosent.

Auke i Molde, Sandane og Kristiansund
Molde Årø lufthamn har også ei auke i talet på flypassasjerar i år med 21 prosent fleire reisande.

Sandane lufthamn har ei auke på 19 prosent i talet på reisande i år, medan Kristiansund Kvernberget har auka passasjertala med 9 prosent.

Passasjertala for alle Avinor sine flyplassar viser framleis ein nedgang på fem prosent samanlikna med 2019-nivået.

Publisert: 16.08.2023 13:25

Sist oppdatert: 16.08.2023 13:39

Mer om