Avinor Hovden Svein-Arne Vik foto Linn
KOSTBART INVESTERING: Lufthamnsjefen ved Ørsta Volda Lufthamn Hovden, Svein-Arne Vik, fortel at prosjektet med reasfaltering av rullebanen og nye lys kostar meir enn 47 millionar kroner å gjennomføre. Foto: Linn Solheim
Nytt

I rute før gjenopning av Hovden

- Det blir fort 20 år til neste gong, seier lufthamnsjef Svein-Arne Vik etter snart fire veker med stengt flyplass.

Linn Antonie Vårdal Solheim
07.07.2023

Med meir enn 7000 tonn asfalt, 100 arbeidarar og 40 køyretøy i sving nærmar arbeidet med å ferdigstille Volda Ørsta Lufthamn Hovden seg med stormskritt. Flyplassen har vore stengt i snart fire veker, og etter planen skal flyplassen opne for trafikk igjen 15. juli. Lufthamnsjef Svein-Arne Vik seier dei ligg godt i rute.

- Vi jobbar på spreng, men det er ein del arbeid att, seier han.

Tidlegare har rullebana blitt vedlikehalden i mindre etappar og prosjekt, og den gamle asfalten var av ulik alder og kvalitet, der den eldste asfalten er 29 år gammal.

- Det blir fort 20 år til neste gong det blir naudsynt med eit slikt prosjekt, seier Vik.

Endrar ikkje kapasitet
Det er ikkje planlagt å utvide flytilbodet etter rehabiliteringa, men Vik seier at dersom det er marknad for det så tek dei gjerne imot fleire avgangar frå lufthamna på sikt.

Prosjektet har ikkje utvida kapasiteten til lufthamna, og rullebana vil ikkje vere i stand til å ta imot større flytypar enn dei som flyr frå Hovden i dag.

Svein-Arne Vik fortel at det er dei minste Widerøe-flya anlegget er dimensjonert for, og at det blir viktig å passe på at flya passar til rullebana når kortbaneflåten ein gong skal skiftast ut.

Vil spare straum
I tillegg til å reasfaltere, vert innflygnings- og banelysa skifta ut frå halogen til LED.

Nøyaktig kor mykje straum lufthamna vil spare på det har ikkje Vik nokre konkrete tal på, men han er klar på at det vil bidra til å merkbart redusere energikonsumet til lufthamna.

Reasfalterings- og lysprosjektet har ei kostnadsramme på 47 millionar kroner. Det er NCC som har hovudentreprise på asfalteringa og Staurbakk AS som har elektroentreprisen.

Kostbar stenging
I tillegg til sjølve kostnaden knytt til å utføre arbeidet, taper både lufthamna og Widerøe, som opererer rutene frå Hovden, store summar på å halde stengt.

- Vi held stengt i fire fulle veker, og har litt færre fly i perioden før og etter, fortel han.

Vik anslår at dei misser ein stad mellom 8.000 og 10.000 reisande i perioden med stenging og redusert aktivitet.

Svein-Arne Vik meiner dei ligg godt an til å kome i mål med arbeidet i til planlagt tid, og gler seg til å ta imot reisande ved lufthamna igjen.

Tilbake til normalen
Vik, som bur i Loen, tok til i stillinga for tre og eit halvt år sidan. Ikkje lenge etter kom koronapandemien, og det blei unntakstilstand for luftfartsnæringa.

Han fortel om ei krevjande tid med ei rekke utfordringar ingen hadde vore borti før.

- Eg er glad for å vere kvitt Covid, ler den blide lufthamnsjefen.

Det har teke nokre år, men no er passasjertalet ved lufthamna ganske nær normalen før pandemien sitt utbrot. I følgje Vik har Ørsta-Volda Lufthamn kome seg raskare tilbake enn samanliknbare lufthamner. At det lokale næringslivet er storbrukarar av lufthamna peikar han på som ein viktig faktor.

Før pandemien låg talet på reisande i løpet av eit år på 105.000 passasjerar.

- At vi held stengt i fire veker for å asfaltere opp rullebana set oss litt tilbake, men vi er ikkje langt unna, seier han.

Publisert: 07.07.2023 13:00

Sist oppdatert: 07.07.2023 13:02

Mer om