Stad skipstunnel innfelt alfred bjorlo illustrasjon Kystverket Snohetta Plomp foto Celina Christoffersen
PROVOSERT: Avtroppande stortingspolitikarar Alfred Bjørlo (V) vil ikkje godta at «Oslo-eliten» skal vinne kampen om at skipstunnelen er eit symbol på sløsing med offentlege pengar. Tal frå samferdsleministaren viser at sjøtransport har fått drygt éin prosent av investeringane dei siste ti åra. Illustrasjon/foto: Kystverket/Snøhetta/Plomp - Celina Christoffersen
Nytt

– Viser kor meiningslaust det er at Oslo-eliten klagar over skipstunnelen

Kring éin prosent av investeringane til samferdsel dei ti siste åra har gått til sjøtransport – som står for over 40 prosent av all godstransport.

Marius Rosbach
04.10.2025

Venstrepolitikar Alfred Bjørlo er ute av Stortinget – men har på «overtid» fått svar frå samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap) på eit spørsmål om kva investeringar som er gjort på veg, jernbane og sjøtransport dei siste ti åra.

I svaret frå departementet går det fram at kring 1,3 prosent av investeringane på samferdselssektoren er gått til sjøtransport, hamnar og leder langs kysten. 

I reine tal er det snakk om kring 7,7 milliardar kroner i perioden 2016-2025. 

Til samanlikning er brukt 332 milliardar kroner til investeringar i vegar, og drygt 244 milliardar til jernbane. Det utgjer høvesvis 56 og 42 prosent av alle pengane som er nytta på samferdselsområdet i løpet av det siste tiåret. 

Bjørlo meiner tala som Ap-statsråden legg på bordet tydeleg viser korleis investeringar til kysten og sjøtransport er underprioritert. 

– Tala viser kor meiningslaust det er at Oslo-eliten klagar over skipstunnelen, og at den skal vere eit skrekkeksempel på kor mykje pengar som sløsast vekk i dette landet, seier han til Nett No. 

Stad skipstunnel illustrasjon med folk illustrasjon kystverket 11
STAD SKIPSTUNNEL: Fordelane med spart seglingstid og mindre forbruk av drivstoff er berre i nokon grad undersøkt i rapportane om samfunnsnytta av skipstunnelen. Effektane av eit oppsving i reiselivet er ikkje teke med i reknestykket. Illustrasjon: Kystverket

Stortinget skal avgjere skjebnen
Skjebnen til Stad skipstunnel vil truleg bli avgjort i løpet av dei neste månadene. 

Spenninga er stor til om Ap-regjeringa finn plass til investeringa i sitt forslag til statsbudsjett for neste år. Deretter er det Stortinget som skal gjere det endelege vedtaket. 

Spørsmålet er om det er plass til å auke ramma for skipstunnelen frå dei fem milliardane (målt i 2021-kroner) som blei vedteke i 2021. 

I sommar blei det klart at tilboda frå dei tre entreprenørane ligg over denne summen – men dei eksakte summane er ikkje kjent. 

– Provoserer meg enormt
Tala til samferdsleministaren viser at sjøtransporten står for 42 prosent av all godstransport her til lands, medan 52 prosent blir frakta på vegane og kring 5 prosent på jernbane.

– At Oslo-kommentatorane jamrar seg over at det blir nytta nokre få milliardar på eit slikt prosjekt, samtidig som det blir nytta enorme beløp på veg og jernbane, provoserer meg enormt, seier Bjørlo.

Han vil ikkje godta at «Oslo-eliten» skal vinne kampen om at skipstunnelen er eit symbol på sløsing med offentlege pengar. 

– Dei verkeleg store pengane her til lands går til ulike trygdeoverføringar og andre løpande offentlege driftsutgifter som berre aukar, legg han til. 

La vekk mål om meir gods på sjø
Venstre-politikaren frå Nordfjordeid meiner ein skipstunnel truleg er mellom dei siste verkeleg store løfta på infrastruktur som trengst for å sikre meir sjøtransport. 

– Sjøtransporten står for nær halvparten av all godstransport, og det bør bli meir i framtida, seier Bjørlo. 

Meir godstrafikk til sjøs har var eit tverrpolitisk mål i ei årrekke. Av ulike årsaker klarte ein ikkje få ei omlegging som førte til at målet i seg sjølv blei skrinlagt. 

Kan vere nøkkel til å auke godstransport
Bjørlo meiner nettopp ein skipstunnel kan vere ein nøkkel for å få til meir godstransport på sjøen. 

– Noko av det som har vore ei utfordring, er å få regularitet langs kysten og det er eit problem Stad skipstunnel vil løyse. Den vil gjere det mogleg å lage godsruter ein kan stole på, seier han.

I dag er store delar av skipstrafikken avhengig av veret for å passere Stadhalvøya. Det gjeld både brønnbåtar, fiskeflåten og mindre lasteskip. Med ein skipstunnel er det óg venta at ein vil få etablert hurtigbåt mellom Ålesund og Bergen. 

Publisert: 04.10.2025 05:00

Sist oppdatert: 05.10.2025 08:45

Mer om