Millionane renn ut av nesespraysatsing
Ørsta-selskapet har klokkartru på at dagens og nye investorar vil sikre vidare drift.
Rekneskapen til Viiral som jobbar med å lansere ein eigenutvikla nesespray, viser eit nytt stort underskot i 2020.
Trass eit driftsresultat på minus 11,7 millionar i fjor, og negativ eigenkapital på 6,5 millionar kroner ved utløpet av året, har selskapet god tru på at dei skal kome seg gjennom utfordringane.
– Styret er av den oppfatning at dei utfordringar man har hatt, representerer ei forseinking, og at selskapet sine produkt vil kunne etablere berekraftig inntening, likevel på noko lenger sikt enn opphavleg føresett, skriv leiinga i årsberetninga, og konkluderer med at det ikkje er vesentleg usikkerheit kring vidare drift.
Har fått kapital og treng meir
I årsrapporten blir det påpeika at selskapet framleis vil ha behov for tilførsel av kapital.
– Styret er av den oppfatning at både dagens eigarar og nye investorar vil bidra til å nå selskapet sitt mål om slik kapitaltilførsel, heiter det.
I sommar blei det gjort ein emisjon ved at 9,9 millionar i gjeld blei konvertert, og det blei tilført seks millionar kroner i ein kontantemisjon, ifølgje årsrapporten. Også i september er det registrert auka kapital i selskapet.
(saka held fram under)
Viiral | ||
Årsresultat (i mill kr) | ||
2020 | 2019 | |
Driftsinntekter | -1 | 2 |
Driftsresultat | -11,7 | -8,8 |
Res. før skatt | -12 | -8,8 |
Varelageret kan bli seld likevel
NETT NO omtala i sommar utfordringane Ørsta-bedrifta har møtt etter at dei trekte nesesprayen frå marknaden fordi Helsetilsynet slo fast at det var manglar med dokumentasjonen.
I årsrapporten blir det påpeika at det berre er i Norge selskapet ikkje har lov til å omsette nesesprayen. Dei har ein godkjenning for internasjonalt sal frå Sverige.
Styret reknar difor med at det er mogleg å selje varelageret, og har ikkje gjort nedskrivingar på dette.
Håpar å vere tilbake neste år
Etter at koronapandemien slo til, blei vegen tilbake til salshyllene i Norge lengre for Viiral. Dagleg leiar Frode Fagermoe håpte i sommar at sprayen var til sals att neste år.
– Vi veit at vi sitt på eit strålande produkt med ein teknologi som få, eller ingen andre har. I løpet av denne perioden har det også skjedd ting som har styrka våre hypotesar om korleis produktet fungerer. Det har gjort oss meir styrka i trua, fortalde han då.
Denne gongen hviiraar dei mellom anna alliert seg med dei svenske ekspertane i rådgjevingsselskapet Scandinavian Regulatory Services i arbeidet.
Les også
Publisert: 07.10.2021 08:56
Sist oppdatert: 07.10.2021 08:59