Viiral illustrasjon montasje frode fagermo foto havnevik
FRISK KAPITAL: Dagleg leiar Frode Fagermo legg ikkje skjul på at dei siste åra har vore tøffe for nesesprayprodusenten med base i Ørsta. Nyleg gjorde dei ein mindre emisjon for å sikre kapital til det vidare arbeidet. Foto: Havnevik
Nytt

Styrka i trua på nesespray

Først blei produktet trekt frå marknaden. Så kom pandemien. No er Viiral på veg tilbake i salshyllene.

Marius Rosbach
30.07.2021

For om lag to år sidan stod Ørsta-firmaet Viiral framfor det som såg ut som eit eventyr med ein eigenutvikla nesespray. Produktet som skulle ta knekken på forkjølingsvirus, blei møtt med stor medieinteresse og fekk pris som årets innovatør av Apotek1.

Hausten 2019 blei det bom stopp. Helsetilsynet slo fast det var manglar med dokumentasjonen som låg bak utviklinga av nesesprayen.

Sidan blei det stilt – iallfall tilsynelatande.

Vi veit at vi sitt på eit strålande produkt med ein teknologi som få, eller ingen andre har
Frode Fagermo

– Vi hadde brått null i inntekter og måtte ta vare på den kapitalen vi hadde. Vi hadde til dømes ein salssjef på bedriftsmarknaden, men ikkje noko produkt å selje. Ved overgangen til 2020 restarta vi heile prosessen, fortel dagleg leiar Frode Fagermo til NETT NO.

Håpar på nytt sal neste år
Han legg ikkje skjul på at tida etterpå har vore både «krevjande og vanskeleg», men no er dei snart klare med ny studie og håpar å få nesesprayen i sal til neste år.

– Vi veit at vi sitt på eit strålande produkt med ein teknologi som få, eller ingen andre har. I løpet av denne perioden har det også skjedd ting som har styrka våre hypotesar om korleis produktet fungerer. Det har gjort oss meir styrka i trua, fortel Fagermo.

Om alt går etter planen vil gjere ei større klinisk studie til hausten. Denne gongen har dei mellom anna alliert seg med dei svenske ekspertane i rådgjevingsselskapet Scandinavian Regulatory Services i arbeidet.

(saka held fram under)

Viiral gardermoen foto havnevik
TREKT FRÅ MARKNADEN: Nesesprayen blei ei periode marknadsført mellom anna ved Gardermoen-flyplassen. Til ny dokumentasjon kjem på plass, kan ikkje Viiral selje eller marknadsføre nesesprayen.

Pandemien sette brems på studie
Etter at koronapandemien slo til, blei det vanskeleg – for ikkje å seie umogleg – å gjere fornuftige forskingsstudiar kring virussmitte. Den ordinære forkjølelsessesongen har til dømes ikkje eksistert det siste året.

– Det er på sett og vis ei tragedie at Viiral ikkje har vore på marknaden i denne tida. Men verda har fått ei brutal påminning om at det kan vere fornuftig å tenke førebyggande. Og førebygging er nettopp det vi jobbar med ved å takle sjukdomen før den oppstår, seier Fagermo.

Han trur ikkje minst mange nordmenn har hatt godt av å bli litt flinkare til å beskytte seg, til dømes med handhygiene og anna smittevern.

– Opplever god interesse
Viiral-sjefen fortel at dei har nytta tida godt når dei samtidig har vore nøyd til å bygge opp att heile den tekniske fila kring produktet med all dokumentasjon.

– Vi har jobba mot utanlandske distributørar og opplever god interesse. Vi har også gjort nokre strategiske endringar og oppretta eit dotterselskap i Sverige, fortel han.

Også produksjonen skjer i den svenske byen Sundsvall og distributøren held til i Stockholm.

Podium

E11/S2 Anne Birte Bjørdal Hanken og Jan-Tore Holen om gründerlivet, oppstart og vekst.

Patentbeskytta teknologi
At konkurrentar skulle klare kome dei i forkjøpet med eit tilsvarande produkt, verkar ikkje uroe Fagermo stort.

– Det vil alltid vere ein fare for at andre kjem på bana, men når det gjeld teknologien og ingrediensen som er vår «magic», så er den beskytta av ein sterk patent, påpeiker han.

Om nesesprayen lev opp til forventingane, er det liten tvil om at marknaden kan vere gedigent. Og trass utfordringane er ikkje Viiral-sjefen blitt redd for å snakke i store ord.

– Vi har vore tydelege på potensialet, og er framleis ikkje i tvil om at vi kan vere med å gjere ein enorm skilnad, fortel Fagermo.

Gjorde nyleg emisjon
Planen er at Viiral skal kommersialiserast gjennom fleire ulike produkt. Før dei kjem dit, har dei eit stykke arbeid å gjere.

I den siste offentlege årsrapporten frå 2019, påpeiker leiinga at selskapet er avhengig av betydeleg volumauke for å drifte positivt, og fram til då vil vere avhengig av tilførsel av kapital.

Fagermo fortel at dei har fått tilførsel av noko kapital undervegs i den tøffe perioden. Nyleg gjorde ein mindre retta emisjon.

– Det er gjort med tanke på dei kliniske studiane som ligg føre. Dei fleste som er med er nære eksisterande aksjonærar som har vore med heile vegen og har grunnleggjande tur på det vi gjer, avsluttar Fagermo.

Publisert: 30.07.2021 10:02

Sist oppdatert: 30.07.2021 10:42

Mer om