Millionar rett paa botnlinja
RINGVERKNADAR: Per Knut Aaland og Kåre Tvinnereim i arbeid med å gjere ferdig ei hytte i Harevadet Hyttegrend ved skitrekket i Hornindal. Inge Olsen (i forgrunnen) seier dei lokale ringverknadane er det aller mest positive med hyttebygginga, men legg ikkje skjul på at det også har blitt god butikk for aksjonærane.
Nytt

Millionar rett på botnlinja

Hyttefeltutbyggarane i Hornindal har betalt ned all gjeld, har unnagjort nesten all infrastrukturutbygging og har framleis rundt 40 tomter att å selje.

07.08.2019
Med ein gjennomsnittleg tomtepris dagleg leiar Inge Olsen anslår til rundt 600.000 kroner kjem det framover rundt 24 millionar kroner inn på kontoen til Harevadet Hyttegrend as, selskapet som at opparbeidd hyttefeltet ved skitrekket i Hornindal. 81 tomter er selde, rundt 40 står att.
Innan ein fem års tid er mykje av salet unnagjort anslår dagleg leiar Inge Olsen i selskapet.

Få utlegg att

Det aller meste av infrastrukturutbygginga; veg, vatn, kloakk, straum og fiber, er gjort. I løpet av 2018 og 2019 er selskapet blitt gjeldfritt. I og med at dei sju grunneigarane - som også er aksjonærane i selskapet - har fått oppgjer for arealet, og banklån er attendebetalt, kjem storparten av inntektene framover til å gå rett på botnlina i selskapet.
Bortsett frå små underskot i startåret 2010 og i 2011 har Harevadet gått i pluss kvart år. Samla overskot før skatt til og med 2018 er 15,8 millionar kroner.
Hittil har overskotet blitt liggande i selskapet og brukt til investeringar og betaling av gjeld. Når eigarane møtes til generalforsamling neste gang vil dei ha høve til å diskutere om det eventuelt skal betalast ut utbytte.

Store ringverknader

Utbygginga har vore god butikk for aksjonærane, men det alle mest positive - seier Olsen - er ringverknadane for lokalsamfunnet i Hornindal.
Det handlar mellom anna om fleire oppdrag for snikkarar til meir handel i butikkane, og fleire kundar i skitrekket. Skisenteret i Hornindal skal få 6,5 prosent av salssummen for kvar hytte som blir seld - inntil 3,5 millionar kroner - og har allereie fått storpartene av pengane. 3,5 millionar kroner er meir enn den gjennomsnittlege salsinntekta til skisenteret dei fem siste åra. Skisenteret har Hornindal kommune og Hornindal Idrettslag som største eigarar.
I tillegg til dei sju grunneigarane er også Hornindal kommune medeigar. Kommunen gjekk inn med 190.000 kroner i starten, og vart eigar av B-aksjane i selskapet. Det var ei investering som var viktig for å få naudsynte garantiar i følgje Olsen. B-aksjane har ikke stemme-eller utbytterett.

Publisert: 07.08.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38