Eldar Farstad Havfisk
GODE TIDER: Prisveksten i år meir enn kompenserer for reduserte fiskekvotar, fortel Lerøy Havfisk-sjef Eldar Farstad. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Mindre fisk, meir pengar

Lerøy Havfisk-sjef Eldar Farstad ventar auka lønsemd i år, trass mindre fisk.

10.08.2022

Fiskekvotane krympa, men prisauken i år har meir enn kompensert for at Lerøy Havfisk får fiske mindre i år enn i fjor.

- Vi ligg an til å få eit betre resultat i år enn vi fekk i fjor, seier administrerande direktør Eldar Farstad i Lerøy Havfisk.

Lerøy Havfisk as (konsern)

Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt

1653,2

1511,5
Driftsresultat425,2372,8
Resultat før skatt393,0334,9

Selskapet er Noregs største fiskebåtreiarlag, med ti trålarar i drift. Torsk sto for halvparten av fangstinntektene i fjor. Hovudkontoret ligg i Ålesund og selskapet er eigd av børsnoterte Lerøy Seafood Group.

Over 1,2 millionar kroner til kvar
Lerøy Seafood sysselsette 407 årsverk i fjor. Omlag 390 av dei var fiskarar. Lottsystemet, der betalinga til fiskarane kjem an på fangsinntektene gjer at fiskaryrket er godt betalt i gode tider.

Det gjeld også i Lerøy Seafood Group, der gjennomsnittsbetalinga til kvar tilsett i fjor var over 1,2 millionar kroner.

- Vi har stor pågang etter folk som vil ha jobb som fiskarar, seier Farstad.

Dyrare bunkers
Krigen i Ukraina førte til prisvekst på drivstoff. På det høgaste i år har drivstoffprisen vore dobbelt så høg som gjennomsnittet i fjor, seier Farstad.

Konsekvensen av dyrare drivstoff er at kravet til fangsteffektivitet har auka. Kort sagt må det vere meir i trålen for kvart hal enn i fjor, ellers blir fisket avbrote. Det skjedde etter seifiske i Nordsjøen tidlegare i vinter, fangstane var beskjedne og Lerøy Havfisk avbraut fisket.

I 2021 var drivstoff- og smøreoljekostnadane til Lerøy Havfisk 232 millionar kroner, opp frå 190 millionar kroner i 2020.

Meir til Lerøy
Når oppdrettselskapet Lerøy Seafood Group kjøpte Lerøy Havfisk var det for å utvide tilbodet av sjømat til også å omfatte kvitfisk, der torsk, sei og hyse som dei viktigaste fiskeslaga.

Det vises også att i kvar fisken Lerøy Havfisk hamnar. 53 prosent av inntektene i fjor kom frå sal til hovudselskapet i konsernet, Lerøy Seafood og til søsterselskapet Lerøy Norway Seafoods, som driv fiskeindustrianlegg og -mottak i Nord-Noreg.

I 2020 var andelen 46 prosent.

Målet er å auke andelen av fangsten som går gjennom Lerøy-konsernet.

- Lerøy har eit ønskje om at mest mogleg av varestraumen skal gå gjennom eiga verdikjede, seier Farstad.

Publisert: 10.08.2022 11:00

Sist oppdatert: 10.08.2022 10:45

Mer om