Eldar Farstad Havfisk
DYRARE DRIFT: Lerøy Havfisk-sjef Eldar Farstad fekk eit ekstrarekning på 27 millionar kroner for drivstoff i første kvartal. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Drivstoffkostnadane 27 millionar kroner opp

Kraftig prisauke på fisk skjuler at også drivstoff er blitt mykje dyrare.

13.05.2022

Fiskebåtreiarlaget Lerøy Havfisk i Ålesund fiska like mykje i første kvartal som i første kvartal i j fjor, men forretningsområdet villfisk i Lerøy Seafood Group auka likevel inntektene med 19 prosent.

Lerøy Havfisk er det viktigaste selskapet i forretningsområde villfisk.

Grunnen til inntekstveksten er først og fremst prisauke på dei tre viktigaste fiskeslaga for reiarlaget, torsk (+46% prisauke samanlikna med 1. kvartal 2021), sei (+37 %) og hyse (+24 %).

Les børsmelding her

50 prosent opp
Drivstoffkostnadane har auka enda meir enn torskeprisen, heile 50 prosent samanlikna med 1. kvartal 2021, skriv Lerøy Seafood Group i kvartalsrapporten for 1. kvartal 2022.

50 prosent dyrare drivstoff betyr 27 millionar kroner i auka kostnadar for Lerøy Havfisk. Reiarlaget brukt like mykje drivstoff i dei to kvartala.

Auka drivstoffkostnadar er ein del av forklaringa på at driftsmarginen (driftsresultat i prosent av driftskonstnade) berre aukar frå 21,3 til 22,9, trass den store prisauken på fisk.

I eit innlegg i NETT NO i mars skreiv rådgivar Kay Ove Hafsås i bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt at prisauken på drivstoffprisene gjer at einskilde fiskerier ikkje lenger vil vere lønsame.

Ti trålarar
Lerøy Havfisk har ti trålarar og har kvote på i overkant av ti prosent av dei norske torskekvotane nord for 62 breiddegrad.

Reiarlaget fiske nesten nøyaktig like mykje fisk i 1. kvartal i år som 1. kvartal i fjor, men fiska relativt meir hyse og relativt mindre sei og torsk enn i same kvartal i fjor.

Torsken er det økonomisk viktigaste fiskeslaget. I år er den samla torskekvoten redusert. For Lerøy Havfisk betyr det ein reduksjon i torskefisket på knappe 10 prosent samanlikna med i 2021.

Lerøy Seafood Group ASA
1. kvartal. I mill. kroner20222021
Driftsinntekt55244925
Driftsresultat1067818
Resultat før skatt1125836
Forretningsområde villfisk
Omfattar Lerøy Havfisk
1. kvartal. I mill. kroner20222021
Driftsinntekt1031867
Driftsresultat236185

Publisert: 13.05.2022 10:11

Sist oppdatert: 13.05.2022 10:11

Mer om