Volda Mat Hege Skurtveit bacalao Foto Ogne Øyehaug 11
EIGAR OG DRIVAR: Hege Skurtveit eig Volda Mat og Volda Fiskemat Eigedom gjennom selskapet Hogo Holding. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Mindre fiskepudding i fjor

Ny vekst for Volda Mat i år.

31.03.2023

Ein avtale med Norgesgruppen om landsdekkande distribusjon av selskapet sin fiskepudding gjorde 2021 til eit rekordår for Volda Mat, med ein inntekstvekst på 30 prosent i høve til 2020.

Avtalen har selskapet framleis, men effekten var ikkje like stor i 2022. Det er hovudforklaringa på at driftsinntektene ikkje vart like store i fjor som året før, ifølgje dagleg leiar Hege Skurtveit.

- 2022 blei eit normalår, seier ho.

Så langt i år ligg selskapet an til vekst samanlikna med i fjor.

Volda Mat as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt20,322,5
Driftsresultat3,44,2
Resultat før skatt3,34,6

Hege Skurtveit er tredje generasjon eigar og drivar i selskapet, som feira 80-årsjubileum i fjor.

Tidlegare heitte selskapet Volda Fiskemat, men skifta namn mellom anna på grunn av at selskapet satsar også på annan mat enn fiskemat, med potetball som det viktigaste produktet.

Publisert: 31.03.2023 05:00

Sist oppdatert: 31.03.2023 05:05

Mer om