Hege Skurtveit Volda Fiskemat foto Ogne
KAN VEKSE MEIR: Hege Skurtveit er dagleg leiar og eigar av Volda Mat. Selskapet har hatt stort vekst over fleire år, men har kapasitet til ytterlegare vekst, seier Skurtveit. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Rekordår og jubileum

Levering av fiskepudding landet rundt sikra kraftig vekst for 80-årsjubilant.

25.05.2022

På vårparten i 2021 signerte dagleg leiar og eigar Hege Skurtveit og Norgesgruppen ein avtale som gjorde Volda Mat til nasjonal leverandør av fiskepudding til Norgesgruppen.

Norgesgruppen er største daglegvareselskapet i Noreg og omfattar butikkjedene Meny, Kiwi, Joker og Spar og grossistselskapet Asko.

Dette er den første landsdekkande avtalen for Volda Mat, som ellers har storparten av sine kundar på Nordvestlandet.

Fiskepuddingavtalen kom på toppen av ein generell vekst, og gjorde at Volda Mat auka driftsinntektene med 30 prosent frå 2020 til 2021, samstundes som lønsenda auka (sjå tabell).

- I fjor var det ekstremt hektisk. Vi hadde ein enorm vekst, seier Skurtveit.

I fjor var det ekstremt hektisk
Hege Skurtveit

80 år
Volda Mat vart skipa på denne dag for 80 år sidan av bestefar til Hege Skurtveit, og dei sju tilsette i selskapet markerte stiftinga med marsinpankake. Til hausten blir det tur og skikkeleg feiring, seier Skurtveit.

Tidlegare heitte selskapet Volda Fiskemat, men skifta namn mellom anna på grunn av at selskapet satsar også annan mat enn fiskemat, med potetball som det viktigaste produktet.

Vekst
Etter ei omorganisering der selskapet vart delt i eit drift- og eitt eigedomsselskap kan ikkje dei historiske tala samanliknast direkte, men fortel likevel om eit selskap i kraftig vekst.

Først i 2016 passerte dåverande Volda Fiskemat 12 millionar kroner i driftsinntekter. I fjor vart det altså 22,4 millionar kroner og så langt i år er det også vekst, ifølgje Skurtveit.

Volda Mat as
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt22,417,1
Driftsresultat4,22,4
Resultat før skatt4,62,4

Publisert: 25.05.2022 15:49

Sist oppdatert: 25.05.2022 16:52

Mer om