81-åring klar for meir vekst
Volda Mat har mange gode år bak seg. No vil dei kapre nye marknader med nytt vekstprogram.
Familiebedrifta Volda Mat har teke store steg dei siste åra. No
snusar dei på endå større vekstmulegheiter etter å ha blitt utfordra til
å delta på ÅKP-programmet StepUp.
– Dette er absolutt noko som fleire bør tenke på om dei får sjansen, seier styreleiar Sindre Skurtveit om erfaringa så langt.
Familiebedrifta som blir leia av kona Hege Skurtveit, har levd godt med å sette stadig nye rekordar dei siste åra. Dei har også teke stege opp som nasjonal leverandør av fiskepudding til Norgesgruppen.
– Ønska å hente inspirasjon
Nysgjerrigheita blei likevel vekt då dei blei spurt om å vere med på
ÅKP-programmet som skal avklare vekstmulegheitene til dei som deltar.
– Vi blei samde om at vi ønska å hente inspirasjon, kompetanse og lærdom. Tanken er at vi skal prøve med eit enkeltprodukt, for å sjå korleis vi kan utvide marknadsområdet. Så får vi sjå, legg Sindre Skurtveit til.
Dei har ikkje sett seg noko store «hårete» mål, men han påpeikar at dei naturlegvis har eit ønske om å vekse. Dei vil også gjerne bygge ein litt større organisasjon.
Må velje kva produkt dei skal satse på
– Det første vi startar med er å gjere oss synlege, og sette ting i
system for å nå marknaden og distribusjonsapparatet. Og ved hjelp av
dette programmet får vi ein metodikk til å hjelpe oss i arbeidet, seier
Skurtveit.
Ein anna del av prosessen er å velje produkt dei skal satse på. Då må dei ta omsyn til alt frå tilgang på råstoff til at dei skal rett maskinar til å gjere jobben.
– Det er mellom ting vi jobbar med no, fortel han.
Løft for lita bedrift
For ei relativt lita bedrift som Volda Mat med seks tilsette, kan det
vere ei utfordring å ha ressursar til å løfte ei slik satsing.
Det er noko av grunnen til at han som styreleiar, er den som deltar på samlingane. Til dagleg er han sjef for Berg-Hansen Nordvest, men er naturleg nok engasjert i bedrifta som kona driver som 3. generasjon på 81. året.
– Det gjer seg ikkje sjølv, og kanskje er det aktuelt å hente inn eksterne folk for å hjelpe oss i tillegg, seier han.
Les også
Har oppsøkt aktuelle verksemder
Driftsleiar
Elisabeth Remøy er ein del av teamet som leverer StepUp-programmet i
ÅKP. Målgruppa er etablerte bedrifter som vil avklare om dei har
vekstpotensiale. Også framoverlente oppstartsbedrifter som allereie er i
gang å selje - og vil avklare nye marknader er aktuelle, fortel Remøy.
ÅKP leverer også ScaleUp-programmet retta mot større selskap - som tek sikte på verkeleg stor vekst.
– Avklaring er eit hovudstikkord i StepUp, påpeiker Remøy.
For å få på plass ei godt samansett gruppe på kring ti bedrifter til programmet, har ÅKP også drive litt oppsøkande verksemd for å overtyde selskap dei har tru på.
– Det kan dreie seg om bedrifter som ikkje sjølv er klar over at dei har eit uforløyst potensial, seier Remøy.
Oppdrag om vekst i etablert næringsliv
Satsinga
for å hjelpe bedrifter i denne kategorien til vekst, er ein del av
oppdraget til ÅKP som SIVA-inkubator.
Samtidig skal aktivitetane bidra til å realisere regjeringa sit klare mål om ei auke i eksporten med 50 prosent innan 2030.
– Det å utløse vekst i det etablerte næringslivet, er klart definert i det nye oppdraget vårt. Då må vi finne dei bedriftene som har potensiale for vekst, seier Remøy.
Ho påpeiker at programmet ikkje hadde vore mogleg å gjennomføre utan raus støtte frå Sparebank 1 SMN.
Pusher bedriftene til å tenke marknad
Remøy fortel at noko av utfordringa for mange bedrifter, er at for mykje merksemd og ressursar blir nytta på produkta, i staden for marknaden og kva kunden er oppteken av.
– Nokre er så opptekne av produktet at dei gløymer å undersøke om nokon vil kjøpe det. Medan andre har kjempestort potensial, men er likevel nøysame og utviklar seg med små steg, seier ho.
– Vi pusher bedriftene knallhardt på at dei skal ha marknadsfokus. Det er vårt viktigaste bodskap i programmet, seier ÅKP-leiaren.
Startar snart nytt kull
Noko som er nytt med StepUp-programmet, er at ÅKP har vendt seg meir til distrikta utanfor sjølve Ålesund for å finne deltakarar.
Mange av bedriftene er mindre familieforetak, og Remøy fortel at dei fort fann ut at, om desse skulle bruke tid på slike prosessar - så måtte programmet kome ut til distrikta.
– Vi merka at ÅKP sine tenester ikkje er så godt kjent overalt i regionen. Det har vore ein ny måte å jobbe på for oss, seier Remøy.
Til no har det vore eitt kull i Fjord, Stranda og Sykkylven, og eitt på søre Sunnmøre i Herøy, Ulstein og Ørsta. I slutten av januar startar eit nytt kull opp med samlingar i Ålesund, Brattvåg og Vestnes.
Publisert: 13.01.2023 10:48
Sist oppdatert: 24.08.2023 09:36