Mein Schiff foto Ålesundregionen Hamnevesen 11
ÅLESUND: Mein Schiff 1 blei i helga det første større cruiseskipet som anløp Ålesund sidan pandemien. Ålesund ventar 37 cruiseanløp resten av sesongen. Foto: Ålesundregionens havnevesen
Nytt

Minst pengar, mest CO2

Cruiseturistar legg igjen minst pengar per kilo CO2. I helga kom dei første større cruiseskipa til Nordvestlandet etter pandemien.

30.08.2021

(NPK-NTB-NETT.NO): Cruiseturistar bruker tre kroner og minst av alle per kilo CO2-utslepp, ifølgje analyse som skal gjere det lettare å prioritere turistar med lågt karbonavtrykk.

Ifølgje Dagens Næringsliv er analysen gjort av Norsk institutt for luftforsking (Nilu) på oppdrag frå Innovasjon Noreg. Beløpet på tre kroner gjeld passasjerar på små og mellomstore skip, medan det er fem kroner for passasjerar på store skip.

Flytrafikk dreg opp
Vidare på lista følgjer turistar frå Australia (7 kroner per kilo CO2-utslepp), andre land utanfor Europa (8 kroner), Kina, Hongkong og Taiwan (14 kroner), Canada (18 kroner) og USA (19 kroner). For desse er den viktigaste faktoren flytransporten til Noreg.

– Alle turistar som besøkjer Noreg, skal ønskjast velkommen uansett, men vi må byggje reiselivet meir berekraftig, seier reiselivsdirektør Bente Bratland Holm i Innovasjon Noreg til DN.

Klimakalkulator for reiselivet

Regjeringa har no sett av pengar til ein såkalla klimakalkulator for reiselivet. Den skal kople data for klimautslepp med data for forbruket til turistane og gjere det lettare å sjå kva turistmarknader som brukar mest pengar i Noreg per kilo CO2-utslepp. Klimakalkulatoren skal gjere bedriftene meir medvitne på marknadsval i lys av både klimautsleppa og innteningsverdien til kunden, heiter det i ei pressemelding frå regjeringa.

Ifølgje DN betyr kalkulatoren truleg at Noreg ikkje lenger skal satse offentlege marknadsføringskroner på å kapre turistar som har eit lågt forbruk per kilo CO2-utslepp.

Turistar frå Europa i motsett ende
I motsett ende av lista finn vi turistar frå Sveits og Austerrike, som blir berekna å ha eit forbruk på 49 kroner per kilo CO2-utslepp. Også britar, belgiarar, nederlendarar og tyskarar skårar høgt – mellom anna på grunn av kort reiseveg og typiske opphald på 10–15 døgn.

Norske turistar i Noreg har eit forbruk på 28 kroner per kilo CO2-utslepp.

Første cruiseanløp i helga
I helga la dei første cruiseskipa til kai på Nordvestlandet sidan pandemien slo til i fjor vår. Både Ålesund og Geiranger hadde anløp av Mein Schiff 1 i løpet av helga og fleire skip står for tur. Måndag morgon la Artania til kai i Ålesund, før turen går vidare til Geiranger.

Ålesundregionens havnevesen skriv på Facebook at dei har forståing for dei som kan vere engsteleg i samband med cruisebesøka til regionen, men at dei samarbeider med Kystverket, Sjøfartsdirektoratet med å følgje Covid-19-forskriftene.

– Vi har tett dialog med alle partar i forkant og sett inn ekstra smittevernrutinar, heiter det i meldinga.

Publisert: 30.08.2021 09:02

Sist oppdatert: 30.08.2021 09:38

Mer om