Klart for det første cruiseskipet på 23 månader
– Enormt gledeleg, seier hamnesjefen i Stranda om at 2000 cruiseturistar og mannskap snart kjem til Ålesund, Hellesylt og Geiranger.
Første cruiseskipet vert tyske Mein Schiff 1. Om bord er 2.000 tyske passasjerar og mannskap.
– Alle er fullvaksinerte, seier hamnesjef Rita Berstad Maraak i Stranda.
Skipet skal først til Bergen 19. august. Deretter går skipet nordover langs kysten, og skal blant innom både Ålesund, Hellesylt og Geiranger. Til Geirangerfjorden kjem skipet 27. august.
– Det forrige cruiseskipet til Hellesylt og Geiranger kom i slutten av september 2019.
– Vi har venta i 23 månader på at det på nytt skal verte cruisetrafikk. Endeleg ser det ut til å skje, seier Berstad Maraak.
Strenge restriksjonar
Det tyske cruiseskipet er 315 meter langt, og hadde sin første tur i 2018.
Skipet kan i utgangspunktet ta 2.894 passasjerar og ha eit mannskap på 1.102, men helsemyndigheitene har sett ei øvre grense på 2.000 personar på grunn av korona.
Rita Berstad Maraak seier at alle passasjerar og mannskap må vise gyldig koronasertifikat på at dei er fullvaksinerte før dei kan gå på land.
– Vi har hatt eit svært godt samarbeid med politiet og helsemyndigheitene for å finne gode ordningar.
– Det vert strenge restriksjonar, men heldigvis er det slik at reiarlaget er like opptatt som vi på at det ikkje skal kome smitte om bord eller på land, seier Berstad Maraak.
Vi har venta i 23 månader på at det på nytt skal verte cruisetrafikk. Endeleg ser det ut til å skje
Rita Berstad Maraak seier at reiselivsnæringa i Stranda har hatt ein god sommarsesong takka vere godt besøk av norske gjester.
– Men no er den norske ferien snart over. Då er denne næringa avhengig av inntekter frå cruisetrafikken.
– Ingen lever av å kunne drive berre i tre månader i året. Ein treng også inntekter i skuldersesongane.
Fleire bestillingar
Ho seier at mange aktørar har fått seg andre jobbar i påvente av at cruisetrafikken skal ta seg opp att.
– No prøver vi å skrape saman alle som kan bidra når dette cruiseskipet kjem.
Ho trur at det kan verte fleire cruiseanløp framover.
– Mykje er framleis usikkert, men vi har blant anna fått seks bestillingar frå Aida Cruises, med første anløp 31. august. Dette trur vi det vert noko av.
Det er båten Aidamar som er venta til Sunnmøre i slutten av august, eit 253 langt cruiseskip.
Ålesund-oppdrag
Dagleg leiar Kåre Gunnar Molvær i Ålesund-selskapet Cruise Service opplyser at selskapet har fått bestillingar på fire turar når Mein Schiff 1 kjem til Ålesund.
- Dette er første cruiseoppdraga for oss på eitt og eit halvt år.
- Utruleg gledeleg, seier Molvær.
Dei tyske turistane skal delta på eit skjergardscruise.
- Tre turar vert med den tidlegare fjordabåten Bruvik, den fjerde med hurtigbåten Gabriele, seier Molvær.
Publisert: 30.07.2021 09:41
Sist oppdatert: 30.07.2021 11:18