Båtentusiast John Olav Lefdal sel og leiger ut turar med eksklusive lystbåtar gjennom selskap Dreamline Yachts og Riva Italia. 2018 blei ikkje så bra som Lefdal trudde i fjor sommar.
I 2017 gjekk desse selskapa samla sett i pluss (sjå tabell) etter ein kraftig auke i driftsinntektene frå 2016. I fjor blei det nedgang og underskot hos begge to. Nordfjord Service Terminal mist også inntektene frå fortøying av cruisebåtar på cruisekaia i Olden. I tillegg til auka avskrivingar er dette grunnen til svekka resultat for Lefdal Invest-konsernet i 2018, i følgje årsmeldinga til Lefdal Invest.
Drikkedistribusjonsselskapet Nor Drikk, som er den største verksemda i Lefdal Invest-konsernet målt etter driftsinntekter, er også den klart mest lønsame. Resultatmarginen (resultat før skatt i prosent av driftsinntektene) var 11,4 prosent i fjor, men overskotet herifrå var altså ikkje nok til å vege opp for underskota i andre selskap.
Underskotet reduserte eigenkapitalandelen i konsernet til 18,6 prosent vedutgangen av 2018. Bankens krav er ein eigenkapital andel på 20 prosent. Resultatbetring i 2019 betra stillinga til konsernet og i april var eigenkapitalandelen på ny over 20 prosent, i følgje årsmeldinga.
Dei første cruisebåtane kom til Nordfjordeid tidleg i sommar og Lefdal ventar at resultata frå turistsatsinga vil vise seg i år: "De siste års store investeringer i cruisekai, infrastruktur og turisme vil fra 2019 begynne å gi inntekter" skriv Lefdal Invest i årsmeldinga.
"Selskapet og konsernet er inne i en fase hvor en vil rendyrke kjernevirksomheten og posisjonere seg for økt turisme i årene som kommer ", heiter det i årsmeldinga.
Gjennom Lefdal Invest eig John Olav Lefdal drikkevaredistributøren Nor Drikk, Nordfjord Service Terminal (som handterer cruisetrafikken i Olden) og industrieigedomen som tidlegare husa skipsverftet på Løkjaneset vest for Eid sentrum.
Han er medeigar i Nordfjord Turisthotell (eig og leiger ut to hotellbygg på Nordfjordeid) og er også medeigar i cruisekaiselskapet Seawalk Nordfjord.
I 2017 gjekk desse selskapa samla sett i pluss (sjå tabell) etter ein kraftig auke i driftsinntektene frå 2016. I fjor blei det nedgang og underskot hos begge to. Nordfjord Service Terminal mist også inntektene frå fortøying av cruisebåtar på cruisekaia i Olden. I tillegg til auka avskrivingar er dette grunnen til svekka resultat for Lefdal Invest-konsernet i 2018, i følgje årsmeldinga til Lefdal Invest.
Drikkedistribusjonsselskapet Nor Drikk, som er den største verksemda i Lefdal Invest-konsernet målt etter driftsinntekter, er også den klart mest lønsame. Resultatmarginen (resultat før skatt i prosent av driftsinntektene) var 11,4 prosent i fjor, men overskotet herifrå var altså ikkje nok til å vege opp for underskota i andre selskap.
Underskotet reduserte eigenkapitalandelen i konsernet til 18,6 prosent vedutgangen av 2018. Bankens krav er ein eigenkapital andel på 20 prosent. Resultatbetring i 2019 betra stillinga til konsernet og i april var eigenkapitalandelen på ny over 20 prosent, i følgje årsmeldinga.
Investerer i cruisekai
John Olav Lefdal har vore primus motor for etablering av Nordfjordeid som cruisehamn, og Lefdal Invest er største aksjonær i selskapet Seawalk Nordfjord, som eig og driv den samanleggbare cruisekaia ved Nordfjordeid sentrum.Dei første cruisebåtane kom til Nordfjordeid tidleg i sommar og Lefdal ventar at resultata frå turistsatsinga vil vise seg i år: "De siste års store investeringer i cruisekai, infrastruktur og turisme vil fra 2019 begynne å gi inntekter" skriv Lefdal Invest i årsmeldinga.
Meir turisme
I følgje årsmeldinga skal Lefdal Invest-konsernet spisse satsinga mot turisme:"Selskapet og konsernet er inne i en fase hvor en vil rendyrke kjernevirksomheten og posisjonere seg for økt turisme i årene som kommer ", heiter det i årsmeldinga.
Gjennom Lefdal Invest eig John Olav Lefdal drikkevaredistributøren Nor Drikk, Nordfjord Service Terminal (som handterer cruisetrafikken i Olden) og industrieigedomen som tidlegare husa skipsverftet på Løkjaneset vest for Eid sentrum.
Han er medeigar i Nordfjord Turisthotell (eig og leiger ut to hotellbygg på Nordfjordeid) og er også medeigar i cruisekaiselskapet Seawalk Nordfjord.
Publisert: 02.08.2019 09:09
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38