Volda Turisthotell, som først og fremst er eit forretninghotell, hadde jamt over høgare inntekter på 1990-talet enn hoteller har hatt etter årtusenskiftet.
I siste halvdel av 90-talet var inntektene over 10 millionar kroner. Sidan 2006 har inntekten stort set svinga mellom 6,6 og åtte millionar kroner, med ein topp på 9,3 millionar i 2014. Då var det fullt belegg på grunn av stor byggeaktivitet i området at hotellet utsette ei planlagt oppgradering av bygget.
Etterpå har inntektene falle to år på rad, og i fjor fekk hotellselskapet eit underskot på 0,4 millionar kroner (sjå tabell).
"Regional hotellmarknad er i vesentleg vekst og selskapet har ut frå dette eit vesentleg potensiale for betra omsetnad, særleg på overnatting. For å legge til rett for dette må og skal det i 2017 gjennomførast planlagde drift-, marknad- og rehabiliteringstiltak. Særleg gjeld dette innføring og oppgradering av system og plattformer for online booking og salg/marknadsføring. Forsert vedlikehald av fellesareal og rom vil og vere priritert i 2017 og 2018", skriv styret.
Hotellett sysselsette 14 personer i fjor, fordelt på ni årsverk.
I siste halvdel av 90-talet var inntektene over 10 millionar kroner. Sidan 2006 har inntekten stort set svinga mellom 6,6 og åtte millionar kroner, med ein topp på 9,3 millionar i 2014. Då var det fullt belegg på grunn av stor byggeaktivitet i området at hotellet utsette ei planlagt oppgradering av bygget.
Etterpå har inntektene falle to år på rad, og i fjor fekk hotellselskapet eit underskot på 0,4 millionar kroner (sjå tabell).
Trur på oppsving
Oppsvinget i reiselivsnæringa og andre aktørar si satsing på reiselivsmarknaden gjer at styret i selskapet meiner hotellet har potensiale for ein vesentleg vekst. Men det krev nye investeringar i hotellet."Regional hotellmarknad er i vesentleg vekst og selskapet har ut frå dette eit vesentleg potensiale for betra omsetnad, særleg på overnatting. For å legge til rett for dette må og skal det i 2017 gjennomførast planlagde drift-, marknad- og rehabiliteringstiltak. Særleg gjeld dette innføring og oppgradering av system og plattformer for online booking og salg/marknadsføring. Forsert vedlikehald av fellesareal og rom vil og vere priritert i 2017 og 2018", skriv styret.
Fire eigarar
Hotellet har fire eigarar som eig selskapet gjennom selskapet Volda Hotell Holding, der Inger Johanne Halkjelsvik er største aksjonær.Hotellett sysselsette 14 personer i fjor, fordelt på ni årsverk.
Publisert: 22.08.2017 08:57
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:13