Driftsinntektene frå ferjene gjekk ned med ni prosent i fjerde kvartal i 2018 samanlikna med fjerde kvartal i 2018. Samstundes auka avskrivingane, fordi selskapet har fått fleire nye ferjer.
Konsekvensen er at kvartalsrapporten som Fjord1 legg fram i dag viser eit resultat før skatt på minus 31 millionar kroner i fjerde kvartal 2019.
I fjerde kvartal 2018 hadde selskapet eit overskot før skatt på 122 millionar kroner.
"Nedgangen skuldast først og fremst kontraktendringar – særleg avslutninga av Bjørnefjorden/Boknafjorden-kontrakten ved utgangen av 2019. Fjord1 held fram med å drive Mortavika-Arsvågen-sambandet i Boknafjorden frå 1. januar 2019, men dei nye kontraktane kompenserte ikkje fullt ut for tapet av det høge volumet på Halhjem-Sandvikvåg-sambandet i Bjørnefjorden og Flakk-Rørvik."
Det som sannsynlegvis vil gi kostnadsauke i år er innfasinga av nye farty og ferjesamband og kostnadar med arbeid på infrastrukturen for elektrifisering. Det vil bli ein mellombels kostnadsauke, trur selskapet.
I følgje kvartalsrapporten som kom i dag vil styret i selskapet ta stilling til utbytte for 2019 når reknskapen for 1. kvartal 2020 blir behandla.
Frederik Wilhelm Mohn, som sat med nesten åtte prosent av aksjane i selskapet, reagerte med å trekke seg frå styret, og Havila Holding fekk også kritikk frå fleire hald.
Mohn har seinare kjøpt seg opp til å eige over 18 prosent av Fjord 1. Dermed er det under 12 prosent av aksjane som er eigd av andre enn Mohn og Havila/Vision Rigde.
Havila Holding eig 33,34 prosent av Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO.
Konsekvensen er at kvartalsrapporten som Fjord1 legg fram i dag viser eit resultat før skatt på minus 31 millionar kroner i fjerde kvartal 2019.
I fjerde kvartal 2018 hadde selskapet eit overskot før skatt på 122 millionar kroner.
Tapte oppdrag
Fjord 1 avslutta to store og lønsame kontrakter ved årsskiftet og det forklarar mykje av nedgangen, skriv selskapet i kvartalsrapporten:"Nedgangen skuldast først og fremst kontraktendringar – særleg avslutninga av Bjørnefjorden/Boknafjorden-kontrakten ved utgangen av 2019. Fjord1 held fram med å drive Mortavika-Arsvågen-sambandet i Boknafjorden frå 1. januar 2019, men dei nye kontraktane kompenserte ikkje fullt ut for tapet av det høge volumet på Halhjem-Sandvikvåg-sambandet i Bjørnefjorden og Flakk-Rørvik."
Auke i år
I år ventar Fjord1 10-15 prosent auke i inntektene - først og fremst frå ferjedrifta - samanlikna med 2019. Selskapet kallar 2019 eit overgangsår og 2020 eit oppstartår, der selskapet har starta å drive nye ruter.Det som sannsynlegvis vil gi kostnadsauke i år er innfasinga av nye farty og ferjesamband og kostnadar med arbeid på infrastrukturen for elektrifisering. Det vil bli ein mellombels kostnadsauke, trur selskapet.
Ventar med utbytte
Då Fjord1 la fram den førebelse årsreknskapen for 2018 forslo styret eit utbytte på 2,70 kroner per aksje, til saman 270 millionar kroner.I følgje kvartalsrapporten som kom i dag vil styret i selskapet ta stilling til utbytte for 2019 når reknskapen for 1. kvartal 2020 blir behandla.
Maktkamp
Gjennom Havilafjord AS og Havilafjord Holding AS eig Sævikfamiliens selskap Havila Holding AS, 66,5 prosent av aksjane i Fjord1 etter eit overaskande oppkjøp frå 51 prosent eigarskap i desember 2019. Saman med alliansepartnaren Vision Ridge Partners har dei kontroll over 70,35 prosent av selskapet.Frederik Wilhelm Mohn, som sat med nesten åtte prosent av aksjane i selskapet, reagerte med å trekke seg frå styret, og Havila Holding fekk også kritikk frå fleire hald.
Mohn har seinare kjøpt seg opp til å eige over 18 prosent av Fjord 1. Dermed er det under 12 prosent av aksjane som er eigd av andre enn Mohn og Havila/Vision Rigde.
Havila Holding eig 33,34 prosent av Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO.
Publisert: 26.02.2020 08:13
Sist oppdatert: 02.03.2021 07:24






