Mislukka bergingsaksjon for entreprenørfirma
Slutt etter 20 år med meir enn ni millionar i gjeld.
Møre og Romsdal tingrett opna torsdag konkurs i Longva Maskin etter at selskapet melde oppbod.
Ifølgje rettspapira har selskapet gjeld på drygt 9,2 millionar kroner og samla verdiar på kring 2,5 millionar.
Selskapet hadde ein tilsett på konkurstidspunktet, og verksemda er innstilt. Øystein Remme er oppnemnt som bustyrar i saka og første skiftesamling er 27. mai.
Firmaet som har adresse på Longva blei starta i 2003, og har drive med grunnarbeid. Fire av dei fem siste åra har drifta gått med underskot.
I det siste offentlege rekneskapen frå 2022 skriv leiinga at drifta er lagt om, og at dei hadde tru på at det skal gi ei sunn økonomisk drift. Då hadde dei åtte årsverk i arbeid.
Slik gjekk det altså ikkje.
Les også
Longva Maskin hadde ei omsetning på nær 30 millionar kroner i 2019, men i 2022 stoppa inntektene på 16,7 millionar. Eigenkapitalen var ved utløpet av det året, i minus med nær 4,2 millionar. Samla gjeld var på drygt 7,1 millionar.
Styreleiar og dagleg leiar i Longva Maskin hadde også roller i Longva Maskinutleie, som melde oppbod i fjor haust. Dette selskapet blei starta i 2022.
Publisert: 19.04.2024 13:05
Sist oppdatert: 19.04.2024 13:29