rettssal illustrasjon foto marius 11
MISTENKER FISKEJUKS: Bakgrunnen for siktingane er mistanke om brot på fiskerilovgivinga i samband med ilandføring av fisk, og brot på regelverket for rekneskapsføring. Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Nytt

Mistenker storstilt fiskejuks

Omfattande etterforsking bak aksjon mot fleire selskap. Ein tredje person er arrestert.

Marius Rosbach
21.03.2023

Politiet mistenker at det er begått juks i stor stil og oppgitt uriktig mengde råstoff over tid.

Det kom fram under en felles pressekonferanse Troms politidistrikt, Fiskeridirektoratet og Skatteetaten hadde tysdag kveld klokka 19.

Ny person arrestert
Tidleg tysdag blei to personar arrestert av politiet, ein i Troms og ein i Møre og Romsdal. I løpet av ettermiddagen blei ein ny person grepe i samband med saka.

Det er også teke ut siktingar i saka mot fire selskap både på fartøy- og landsida, opplyste politiet.

- Vi driv på med ransaking og den har som formål å belyse siktingane som er teke ut, kunne politiadvokat Ronny Jørgensen i Troms politidistrikt opplyse.

Grunnlaget for siktingane og talet på sikta kan blir utvida.

Meldt for eitt år sidan
Bakgrunnen for saka er ei melding frå Fiskeridirektoratet for eitt år sidan.

Sidan har det ifølgje politiet vore ei omfattande innleiande etterforsking, som la grunnlag for aksjonen som blei gjennomført tysdag.

- Vi vil sjå på korleis fisk kan vere ført i land ulovleg frå fartøy, og sett i system til vidare leveranse til utlandet, opplyste politiadvokaten.

- Det er mistanke om det er ført uriktig mengde råstoff i land over tid, og at det skal vere større summar, la han til.

Fleire etatar involvert
Politiet har hatt bistand frå Kystvakta ransaka Skatteetaten, Fiskeridirektoratet og Økokrim fleire skip, fiskemottak og kontorlokale.

– Dette er ein bransje som omset for mange milliardar kroner, og der det tidlegare er avdekt regelverksbrot. Det er derfor svært viktig at Skatteetaten og andre kontrollstyresmakter er tett på for å avdekkje lovbrot og sikre like konkurransevilkår, sa skattekrimsjef Erik Nilsen i Skatteetaten under pressekonferansen.

Publisert: 21.03.2023 19:15

Sist oppdatert: 21.03.2023 19:30