Hordagut foto Cavernia Wikimedia Commons 11
DØDSULUKKE: Arbeidaren døydde då det oppstod ein brann om bord i brønnbåten Hordagut. Foto: Cavernia/Wikimedia Commons (CC BY-SA 4.0)
Nytt

MMC First Process fekk bot etter dødsulukke

Stengt ventil vart skjebnesvangert under arbeid på brønnbåt.

25.08.2023

MMC First Process har fått ei bot på 400.000 kroner etter at ein arbeidar døydde i samband med ein reparasjon av brønnbåten Hordagut ved Fitjar Mekaniske Verkstad i 2020, ifølgje NRK Vestland.

Selskapet med hovudkontor i Ålesund har vedteke bota, som var eit resultat av fleire uheldige omstende.

Den 48 år gamle polske arbeidaren jobba med eit sveiseapparat i ein del av båten, samtidig som det vart testa ein oksygenfabrikk ein annan plass om bord.

Stengt ventil vart skjebnesvangert
Ein ventil skulle føre oksygenet som oppstod ut av fartøyet – men denne var stengt. I staden stod fleire andre ventilar oppe, som gjorde at rommet den omkomne jobba i, vart fylt av den brannfarlege gassen.

– Vinkelsliparen lagde ein gnist, som umiddelbart starta ein brann, opplyser politiinspektør Pål Jæger-Pedersen i Sør-Vest politidistrikt til NRK.

Sjølv om 48-åringen hadde brannhemmande arbeidstøy, hadde han ikkje sjanse til å overleve i rommet som hadde ei oksygenmetting på meir enn 450 prosent.

Meiner det burde vore skriftleg instruks
MMC First Process var leverandør av fiskehandteringssystema på brønnbåten, og ifølgje førelegget har selskapet mellom anna har brote arbeidsmiljøloven, loven om brann og eksplosjonsvern, og fleire andre forskrifter.

Påtalemakta meiner det burde vore laga ei skriftleg instruks for testing av oksygenfabrikken.

– Fitjar-ulukka i 2020 var svært tragisk. Det er ei kompleks sak med mange omstende som involverer fleire partar. Sidan me ynskjer å leggja saka bak oss, har me vedteke førelegget, skriv Merete Alnes Mostue, HR-sjef i MMC First Process i ein e-post til NRK.

Publisert: 25.08.2023 13:27

Sist oppdatert: 25.08.2023 13:35

Mer om