Marte Gerhardsen Gunvor Ulstein foto Marius
ULSTEINVIK: Statssekretær Marte Gerhardsen (t.v.) hadde tysdag møter og omvising ved Vard Langsten og Ulstein Group. Her er ho saman med Ulstein Group-sjef og eigar, Gunvor Ulstein. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Statssekretær: Britane har klar intensjon om å kjøpe norske fartøy

Den politisk leiinga i forsvarsdepartementet på besøk hos Ulstein og Vard.

Marius Rosbach
22.10.2025

Statssekretær Marte Gerhardsen (Ap) brukte store delar av tysdagen på besøk hos Vard i Tomrefjord og Ulstein-konsernet. 

Då kom det mellom anna fram at britane ønsker å kjøpe norske standardfartøy til sin marineflåte, som del av gjenkjøpsavtalen om Norges fregattkjøp

– Britane er i dialog med oss, og er heilt tydelege på intensjonen er at norske standardiserte fartøy skal vere ein del av industrisamarbeidet. Men det avhenger av at vi kan levere både på tid og kost, seier Gerhardsen til Nett No. 

Dialog med fleire land
Statssekretæren har tidlegare fortalt at regjeringa jobbar for at fleire land skal velje skip frå Norge - og kan fortelje at det er dialog med fleire land. 

– Viss Royal Marines har våre båtar i sin flåte, så er det eit godt salsargument til andre, og eit kvalitetsstempel, seier ho.  

Glen Bradley: – Konkurranse skapar dei beste leveransane

Berre bestillinga av 28 fartøy i ulik storleik til det norske forsvaret, vil vere det største oppdraget til norsk verftsindustri nokon gong, og strekke seg over ei ti-årsperiode.

Gerhardsen er også heilt tydeleg på at skipa skal byggast i Norge. 

– Det er det aller viktigaste for oss, understrekar ho. 

Marte Gerhardsen tv Gunvor Ulstein Bradley Gunnarstein foto Marius
SAMARBEID: Statssekretær Marte Gerhardsen (t.h.) møtte både Gunvor Ulstein (nr. 3 f.v.), Larsnes Mek. Verksted-sjef Jarle Gunnarstein (nr.2 f.v.) og styrerepresentant i Larsnes-verftet, Glen Bradley. Foto: Marius Rosbach

Larsnes-samarbeid
Ulstein og Vard er mellom dei som meldte seg under ein marknadsundersøking om oppdraga med dei norske standardfartøya i vår. 

Begge aktørane har store forhåpningar om å sikre seg oppdrag med skipa. Ulstein Group har også avtalt med Larsnes Mek. Verksted at dei kan samarbeide om bygginga. 

Vil ha sivil- og forsvarsindustri tettare saman
Gerhardsen fortel at bedriftene har vore på besøk i Oslo, og at departementet blei invitert til å kome på besøk til Nordvestlandet. 

– Eg er oppteken av at vi bør har eit tettare samarbeid mellom sivil industri og forsvarsindustrien. 

– Både fordi det er mykje innovasjon i den sivile delen, som forsvarsindustrien treng. Men når vi skal bruke langt meir pengar på å utvikle flåten i åra som kjem, er vi også opptekne av at det blir gjort så kostnadseffektivt som mogleg. Det får vi best til ved å gjere det så sivilt som mogleg, legg ho til. 

Ulstein Verft skrog Nexans Electra foto M Arius
STOR HALL: Ulstein Verft har ein stor dokkhall som kan eigne seg for bygging av skip til Forsvaret. No er det nyaste kabelskipet til Nexans er under utrusting i hallen. Fartøyet på knappe 150 meter er mellom dei største som er levert frå verftet. Foto: Marius Rosbach

Kjem «veldig snart» med tidsplan
I bransjen har det vore frustrasjon både over framdrift, og informasjon kring forsvarsoppdraga. 

Til det seier statssekretæren følgjande: 

– Dette er ei veldig viktig avgjerd og vi har vore meir opptekne av at den skal vere god, enn at den skal vere for rask. Men vi må klare å halde tidsfristane, og vi må vere i stand til å levere båtar både til oss sjølv og allierte frå 2030, seier ho. 

Ho fortel at det «veldig snart» kjem ein innkjøpsstrategi som vil innehalde ein tidsplan for den vidare framdrifta. 

Ventar på grønt lys til forprosjekt
Nett No har tidlegare fortald at Forsvarsmateriell ventar på klarsignal frå departementet for å starte opp eit forprosjekt for standardfartøya. 

Innkjøpet skal følgje statens prosjektmodell. Etter at eit forprosjekt er ferdig skal det gjennom ei ekstern kvalitetssikring.

Deretter kjem regjeringa til Stortinget som skal godkjenne investeringa. 

Publisert: 22.10.2025 09:08

Sist oppdatert: 24.10.2025 09:43

Mer om