FSV Fitjar Foto FSV 11
SIGNERING: Teknisk sjef Endre Brekstad (fra venstre) i FSV, styreleiar Olav Myrstad og dagleg leiar Arild Aasmyr i FSV, saman med verftsdirektør Hugo Strand og salssjef Kjell Arild Skar i FSV. Foto: FSV
Nytt

Molde-reiarlag bygger ny bløggebåt

Tinga nytt fartøy frå Fitjar.

Marius Rosbach
07.06.2023

FSV Group har lagt inn bestilling på ein ny bløggebåt som skal byggjast ved Fitjar Mekaniske Verkstad.

Designet blir av typen Aurora Series FMV – som blei lansert i lag med Ålesund-selskapet Sirius Design & Integration i fjor.

Bløggebåten skal etter planen bli levert i første kvartal i 2025, og skal ut i oppdrag for ein internasjonal kunde. Fartøyet blir det 12. i flåten.

- Vi er stolte over å inngå denne kontrakten og halde fram vårt gode samarbeid med FSV Group fortel verftsdirektør Hugo Strand i meldinga.

Fsv sirius desin integration illustrasjon sirius design interation 11
ÅLESUND-DESIGN: Båten blir 50 meter lang, 12 meter brei og vil ha ein lastekapasitet for fisk på kring 500 kubikk, er teikna av Sirius Design & Integration. Illustrasjon: Sirius Design & Integration

FSV Group har hovudkontor i Molde og eig og driv servicefartøy og lektarar for oppdrettsnæringa, i tillegg til frakt, sleping, handtering av nøter og inspeksjon.

Reiarlaget la seint i fjor seks nybygg på is som var meint til den norske oppdrettsmarknaden. Årsaka var innføringa av lakseskatten, som har skapt usikkerheit for denne delen av marknaden. Sidan den nye avtalen er med ein internasjonal kunde, er ikkje den påverka av grunnrenteskatten.

FSV Group har lagt bak seg ti år med kraftig vekst, og blei kåra til årets bedrift av Molde Næringsforum i fjor.

Publisert: 07.06.2023 16:13

Sist oppdatert: 07.06.2023 16:30

Mer om