Leiar Lene Trude Solheim i Næringsforeningen Ålesundregionen hadde sett ti påmelde vilkår for å starte rekruttering- og utviklingsprogrammet Talent Sunnmøre i september i år.
No har ho 19 påmelde på lista og ventar at påmeldinga når taket på 30 personar.
- Allereie i juni, seier Solheim om når ho ventar at programmet er fullteikna.
Plukka ut av bedriftene
Det er bedriftene sjølve som skal plukke ut kven som får tilbod om å bli med.
Deltakarane møtes på i alt seks ein til to-dagars samlingar, tre om hausten og tre om vinteren/våren. Tema varierer frå innsikt i leiarrolla, leiarutvikling og kommunikasjon, til innsikt i næringsstruktur, innovasjonsarbeid, digitalisering og bærekraftperspektiv.
Mellom samlingane skal deltakarane arbeide med oppgåver som er en del av programmet.
Alle deltaktarane får ein mentor i bedrifta dei er tilsett i og mentorane blir også med på samlingane der leiarinnsikt og -utvikling er tema.
E7/S1 Kjersti Kleven og Lene Trude Solheim om møteplassar for næringslivet i og etter korona.
Utvidar neste år
I 2022 er planen å utvide ordning til å omfatte også traineear.
Ei traineestilling er er mellombels stilling oppretta for å rekruttere attraktiv arbeidskraft. Trainee-kandidatane får lære bedrifta å kjenne gjennom arbeidet og oppgåvene der, i tillegg til ekstra opplæring.
Tanken er at Talent Sunnmøre skal vere ein tilbod som bedriftene som satsar på trainee-ordningar kan bake inn som ein del av trainee-tilbodet sitt.
Publisert: 02.06.2021 09:02
Sist oppdatert: 02.06.2021 09:27