Lene Trude Solheim foto Næringsforeningen
REKRUTTERING: Talent Sunnmøre er eit tilbod til næringslivet både i Nordfjord, Sunnmøre og Romsdal, seier leiar i Næringsforeningen Ålesundregionen, Lene Trude Solheim.
Nytt

Lanserer Talent Sunnmøre

Skal halde på talent og rekruttere nye til Nordvestlandet.

29.04.2021

- Vi har brukt koronatida godt, seier leiar Lene Trude Solheim i Næringsforeningen Ålesundregionen.

I dag lanserer ho resultatet av det foreningen har har arbeidd med, rekruttering- og utviklingsprogrammet Talent Sunnmøre. Det skal gjere det lettare for næringslivet på Nordvestlandet både å halde på talent og trekke til seg nye.

Trass namnet er tilbodet ope også for næringslivet i Nordfjord og Romsdal, og også for bedrifter som ikkje er medlemer i Næringsforeningen.

NTNU har ansvaret for det faglege opplegget.

Samarbeidspartnarar er også Teft-lab på NTNU, Framtidslabben i Ålesund kommune og Visma Avento.

Plukka ut av bedriftene
Målet i år er å få med minst 10 deltakarar, som møtes til si første samling 15. september.

Solheim seier dei mest sannsynlege kandidatane er relativt nytilsette og unge, men at det ikkje er sett absolutte grenser korkje for alder eller ansiennitet.

Det er bedriftene sjølve som skal plukke ut kven som får tilbod om å bli med.

Deltakarane møtes på i alt seks ein til to-dagars samlingar, tre om hausten og tre om vinterene/våren. Tema varierer frå innsikt i leiarrolla, leiarutvikling og kommunikasjon, til innsikt i næringsstruktur, innovasjonsarbeid, digitalisering og bærekraftperspektiv.

Mellom samlingane skal deltakarane arbeide med oppgåver som er en del av programmet.

Alle deltaktarane får ein mentor i bedrifta dei er tilsett i og mentorane blir også med på samlingane der leiarinnsikt og -utvikling er tema.

Traineear neste år
Neste år er planen å utvide ordning til å omfatte også traineear, ifølgje Solheim.

Ei traineestilling er er mellombels stilling oppretta for å rekruttere attraktiv arbeidskraft. Trainee-kandidatane får lære bedrifta å kjenne gjennom arbeidet og oppgåvene der, i tillegg til ekstra opplæring.

Tanken er at Talent Sunnmøre skal vere ein tilbod som bedriftene som satsar på trainee-ordningar kan bake inn som ein del av trainee-tilbodet sitt.

Rekrutteringsbehov
Talent Sunnmøre spring ut av etterspørselen frå næringlivet om tiltak for å halde på og trekke til seg arbeidskraft, seier Solheim.

Næringsforeningen har arbeidd med å utvikle eit traineetilbod i fleire år, men før koronaepidemien kom var ikkje interessa stor nok for å kome i gang.

Publisert: 29.04.2021 11:40

Sist oppdatert: 23.03.2022 11:57

Mer om