– Det beste av det som var mogleg å få til
Leiar og påtroppande styreleiar i Næringsforeningen Ålesundregionen gler seg over det nye eksportkontoret som kjem til byen.
Tysdag kom næringsministeren til Ålesund med avgjerda om at Eksportstrategirådet – tidlegare omtala som Business Norway – blir lagt til Ålesund.
Nyheita blei svært godt motteke av administrerande direktør Lene Trude Solheim Næringsforeningen Ålesundregionen, som kalla det ein «gledesdag».
– Dette var det beste av det som var mogleg å få til, seier ho til NETT NO på spørsmålet om eit slikt kontor er eit godt nok plaster på såret, for at Ålesund ikkje vann GIEK-kampen.
Les også
– Opplever at regjeringa har lytta
Solheim var mellom dei som fronta Vestlandet sitt ønske om å flytte det samanslåtte GIEK (Garantiinstituttet for eksportkreditt) og Eksportkreditt Norge, til byen. Ho forstår samtidig at prosessen med samanslåinga var kome sopass langt, at det blei ein umogleg kamp å vinne.
– Men i den diskusjonen fekk vi veldig godt fram argumenta for kvifor regionen er sterke på eksport, seier ho.
– Eg opplever at regjeringa har lytta og at dei har forståing for argumenta, legg ho til.
Bakgrunn: – Ein person har fått til enormt mykje
Eg håpar det vil styrke dei bedriftene som allereie er eksportretta, men også at vi skal skape nye
Auka eksport er målsettinga
Solheim er ikkje i tvil om at eit slikt kontor plassert i Ålesund, vil påverke næringslivet i regionen positivt.
– Målsettinga må vere at det skal føre til auka eksport og verdiskaping. Eg håpar det vil styrke dei bedriftene som allereie er eksportretta, men også at vi skal skape nye, seier ho.
Eininga skal «identifisere, prioritere og utvikle strategiske eksportsatsinger mot internasjonale markeder i sterk vekst», heiter det i pressemeldinga som blei sendt ut om saka.
(saka held fram under)
E10/S2 Stig Remøy og Rolf Fiskerstrand om GIEK / Eksportkreditt Norge og framtida til norsk eksport
Det er viktig at dei som jobbar med dette kjenner problemstillingane til næringane og at dei har tilsette som har god praktisk erfaring med eksportverksemd
Trur Sunnmøre har mykje å bidra med
Ocean Supreme-sjef Botholf Stolt-Nielsen var også møtt fram ved Brosundet for å høyre kva næringsministeren hadde å seie. Lakseeksportøren trur Sunnmøre har mykje å bidra med når det kjem til å tenke meir strategisk i eksportarbeidet.
– Det er mange kremmarar her som har nærleik til resten av verda og veit kva som skal til for å lukkast.
Stolt-Nielsen er innstilt som styreleiar i Næringsforeningen Ålesundregionen på det komande årsmøtet. Han påpeiker at mange av deira medlemmar aktivt nyttar verkemiddelapparatet, ikkje minst GIEK.
– Det er viktig at dei som jobbar med dette kjenner problemstillingane til næringane og at dei har tilsette som har god praktisk erfaring med eksportverksemd, seier han.
Les også
Skal vere i gong frå hausten
Næringsministeren fortalde at Eksportstrategirådet etter planen skulle vere operativt frå hausten.
I første omgang vil dei flytte inn i same bygg som Innovasjon Norge på Skansekaia. Der vil dei også vere i selskap med Eksportkreditt Norge sitt einmannskontor same stad.
Statsråden fortalde at det truleg vil jobbe 10-15 personar i eininga. I tillegg er dei på jakt etter sju personar til eit styre.
Publisert: 01.06.2021 16:19
Sist oppdatert: 02.06.2021 09:29