Glad for at nullutslepp vert utsett til 2030
CARNIVAL: Sandra Diana Bratland i Carnival er glad for at Sjøfartsdirektoratet vil gi cruiseselskapa betre tid til å verte nullutsleppsfrie. Ho seier at det vert satsa stort på ny teknologi, som på Aidanova, som er utstyrt med LNG. Skipet er 337 meter langt, tar inntil 6.654 passasjerar og vart levert i desember 2018 frå det tyske Meyer-verftet.
Nytt

- Glad for at nullutslepp vert utsett til 2030

Carnival-direktør meiner at ei utsetjing av nullutsleppskrav for cruisenæringa til 2030 vil vere bra for Geiranger og verdsarvfjordane.

27.04.2020
- Vi imøteser restriksjonar og reguleringer. Dei må gjerne vere strenge, men dei bør være oppnåelege.
Det seier Sandra Diana Bratland, direktør for Destination Affairs i Carnival Norway.
Ho er glad for at Sjøfartsdirektoratet no foreslår at krav om nullutslepp vert utsett frå 2026 til 2030.

Får cruiseskip også etter 2026

Bratland meiner at dette er ei god løysing for alle partar, og vil føre til at det kjem cruiseskip til stader som Geiranger også etter 2026.
- Det er svært lite sannsynleg at vi vil sjå fullskala cruiseskip med nullutsleppsteknologi i 2026, noko som ville føre til at cruiseskipa og den økonomiske betydninga av disse, forsvann frå verdsarvfjordane og Flåm og Geiranger frå 2026.

er verdas største fritidsreiseselskap med ni cruisereiarlag under paraplyen.

Har 45 prosent av alle cruiseanløp

I dag finst det rundt 300 store havgåande cruiseskip i verda. Av disse er over 100 Carnival.
- Vi står for rundt 45 prosent av alle cruiseanløp til Norge, seier Bratland.
Stortinget har lagt opp til at det skal vere nullutslepp i verdsarvfjordane frå 2026, men ein fersk rapport frå Sjøfartsdirektoratet langt på veg torpederer desse planane.

Vil utsetje krava til 2030

Sjøfartsdirektoratet meiner at teknologien er for lite utvikla, og at berre mindre fartøy kan vere nullutsleppsfartøy frå 2026.
Dette meiner direktoratet er ei dårleg løysing sidan det både er konkurransevridande og i tillegg ikkje reduserer utsleppa frå dei store cruiseskipa.
Difor tilrår direktoratet at kravet om nullutslepp vert utsett til 2030.
Sandra Diana Bratland seier at Carnivals langsiktige mål er nullutsleppscruise.
- Vi brukar store ressursar på forsking og innovasjon og evaluerer konstant både eksisterande og potensielt ny teknologi som kan bringe oss til ein karbonnøytral operasjon.

Først med naturgass

Ho viser til at selskapet gjer ei rekkje tiltak for å minske miljøavtrykket.
- Avanserte luftreinsesystem, høgkvalitets reinseannlegg og landstraumtilkobling er utbreidd på vår flåte.
Ho viser også til at i desember 2018 sjøsette Carnival verdas første cruiseskip som går på naturgass – LNG.
- Vi er dei første som testar ut batteri på cruiseskip, og vi installerer verdas største batteri for skip, levert av Bergensbaserte Corvus, ombord i Aidaperla i år.
- Neste år vil vi også teste ut brenselceller.

Nye, strenge krav

Bratland viser også til at innfasinga av strengare miljøkrav i verdsarvfjordane alt er i gang, med gradvis strengare krav fram til 2025, då blir innført.
- Dette er det strengaste regelverket i verda. Ettersom det i dag er eit avgrensa antal skip som tilfredsstiller Tier III, vil det naturleg bli ein betydeleg reduksjon i cruiseskip, og dermed også i luftforureining, til disse stadane framover, og spesielt frå 2025.
Bratland er glad for at Sjøfartsdirektoratet tilrår no at bransjen får betre tid til å installere den nødvendige teknologien.
- Men kva slags teknologi dette blir; om det blir ammoniakk, hydrogen eller noko anna, gjenstår å sjå, seier ho.
Vi brukar store ressursar på forsking og innovasjon og evaluerer konstant både eksisterande og potensielt ny teknologi 

Publisert: 27.04.2020 14:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56