Vard Søviknes foto Ogne
COMEBACK: Når cruisemarknaden kjem tilbake vil etterspørselen etter nye skip auke raskare enn verfta vil klare å bygge, trur DNV. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

DNV-prognose med optimistiske signal

DNV spår kraftig comeback for cruisebransjen når koronapandemien til slutt slepper taket. Det er godt nytt for Nordvestlandet.

19.12.2021
ANALYSE

I 2018 var det 557.000 senger tilgjengeleg på cruiseskipa i verda. Velstanden stig, og med det cruisetrafikken. I 2050 vil det vere 1.530.000 senger, og heller ikkje det er nok til å matche etterspørselsveksten, ventar DNV.

Nybygging av cruiseskip vil rett og slett ikkje greie å halde tritt med auken i etterspørselen fram til 2050, etter DNV si vurdering som kjem fram i rapporten «Ocean's Future to 2050». Rapporten vart offentleggjort denne veka.

Vurderinga frå DNV må vere ei oppmuntring for verfts-eigarar og tilsette på Nordvestlandet. Dei fekk coronapandemien i fleisen akkurat i det dei skulle til å hauste av sine dyrekjøpte erfaringar frå dei første cruiseskipa som vart bygd, erfaringar som skulle gjere det råd å bygge cruiseskip med forteneste.

Pandemien sette stopp for nye ordrar, men betydde langt frå slutten for cruiseskipsbygging, meiner DNV.

Meir skip til vindkraftbransjen
DNV-rapporten går ikkje spesielt inn på marknaden for spesielle skipstypar. Men blir forventninga rapporten har til utbygging av vindkraftanlegg til havs innfridd, vil det bety at også vindkraftbransjen til havs treng fleire skip. Det er skip som verft på Nordvestlandet kan konkurrere om, mellom anna takka vere sine erfaringar frå å bygge offshorefartøy for oljebransjen.

Medan DNV-rapporten gir optimistiske signal til verfta på Nordvestlandet har den óg ei prognose som trekkjer i motsett retning:

På verdsbasis spår DNV ein gradvis aldrande skipsflåte og ein svakt fallande skipsbyggingsaktiviteten i høve til dagens nivå heilt fram til 2050.

Det er sjølvsagt ei generell vurdering, men det har likevel betydning på Nordvestlandet. Frå 1990 til omlag 2010 vart det bygd meir og meir skip år for år. Då veksten stoppa var det på eit nivå over tre gangar høgare enn i 1990. Etterpå har aktiviteten falle over 50 prosent, men mykje av verftskapasiteten som vart bygd opp i vekståra er framleis tilgjengeleg, og har dermed betydning for konkurransesituasjonen.

Konkurranse om areal
DNV-rapporten fortel og om ein mogleg kraftig tilspissa dragkamp om areal til havs.

Vindkraftproduksjon til havs skal bli mange gangar større enn i dag, og i 2050 vil ni gangar meir havareal enn i dag vere i bruk til energi- og matproduksjon.

Det er først og fremst vindkraftanlegg til havs som vil forsyne seg av mykje meir areal enn i dag, ifølgje DNV-rapporten.

I 2018 var 40.000 kvadratkilometer havareal i bruk av fire ulike bransjar; oppdrett av algar, oppdrett av fisk, skjel og kreps, olje- og gassutvinning og vindkraftproduksjon.

I dag tek vindkraftproduksjonen den minste delen havareal av dei fire bransjane, men framover er det den som vil vekse - også målt i arealbruk.

I 2050 vil det vere snakk om 368.000 kvadratkilometer, nesten like stort som Noreg medrekna Svalbard og Jan Mayen, og omlag 10 prosent av alt havareal.

Legg til at områda som skal takast i bruk først og fremst ligg på grunt vatn nær kystane, der også storparten av fisket foregår, så er det lett å forstå at det kan blir trangt om plassen, dersom DNV spår rett.

Spesielt fiskarane har tatt opp debatten.

Sjølv om det er plass til å segle mellom vindturbinane er det praktisk talt uråd å fiske der.

Publisert: 19.12.2021 06:00

Sist oppdatert: 29.12.2021 09:16