Mot slutten for Hoeydal Moebelfabrikk
JUBILEUM. Høydal Møbelfabrikk er 80 år i år. Dei siste åra har inntekter og arbeidsstokken krympa.
Nytt

Mot slutten for Høydal Møbelfabrikk

Innan fem år er det truleg slutt med møbelproduksjon i Høydalen i Austefjorden i Volda.

13.05.2014
I 80 år er det laga møblar hos Høydal Møbelfabrikk. Men no er ein ny bit av sunnmørsk møbelhistorie på veg ut av bransjen og inn i historiebøkene.
På få år er arbeidsstokken halvert. Innan tre år når tre av dei fire tilsette pensjonsalderen. Samstundes fell inntektene.

Miste ein million

- Det er alt for dårleg, seier dagleg leiar Sigve Høydal om resultatet for 2013. (sjå tabell).
Ifjor miste verksemda sal for ein million kroner. Den viktigaste grunnen til det var at møbelprodusenten Vad i Stordalen pakka saman og flytta all produksjon til utlandet. Dermed vart underleverandøren ved sjøkanten i Austefjorden overflødig.
- Ikkje lett å erstatte, seier Høydal om kundane som forsvann.

Flyttar ut

Fleire andre sunnmørske møbelbedrifter har flytta ut heile eller deler av produksjonen, og det går ut over ein typisk underleverandør som Høydal Møbelfabrikk.
Etter finanskrisa i 2007/2008 og fram til i dag har 25 prosent av norsk møbelproduksjon flytta til utlandet, i følgje bransjeorganisasjonen Norsk Industri.
- Det verkar ikkje som det er så populært å produsere i nærmiljøet lenger, seier Høydal.
Høydal meiner utflytting har skote fart dei siste to åra.
- Om fem år ser eg ikkje for meg at det er nokon fabrikk i Høydalen, seier han.
-Trist?
- Ja, men realitetane er sånn.

Hotell og kontor

Fabrikken i Høydalen har lagar mellom anna hotellinnreiingar, arbeidspultar til Avinor, skap og bordplater. Ein del av produksjonen er skreddarsydd for kunden.
Fabrikken vart etablert i 1934, som Høydalen Snikkarverkstad.
Nett no har fabrikken godt med arbeid, men tidshorisontane er korte. Med unntak av større hotell-oppdrag er det sjeldan verksemda sit med oppdrag for fleire månader fram i tid.

Kraftverk i ryggen

I dag er Høydal Møbelfabrikk eigd av Høydal Kraftverk as, der Lars Jon Høydal og Gunnar Høydal er største aksjonærar. Høydal Kraftverk eig eitt av dei to småkraftverka i Høydalen.
Sigve Høydal seier det ikkje er teke noko avgjerd om kva fabrikkbygget eventuelt skal brukast til dersom fabrikkdrifta blir nedlagt. Fleire alternativ har vore lufta, mellom anna ombygging til ferieleilegheiter, men førebels er det berre idear - ikkje konkrete planar.
Om fem år ser eg ikkje for meg at det er nokon fabrikk i Høydalen

Publisert: 13.05.2014 13:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:33