MS Nordstjernen paa pilegrimstur
PILEGRIMSTUR: Hurtigruteskipet Nordstjernen skal i juli prøve ut den nye kystpilegrimsleia frå Stavanger til Trondheim. På turen blir det mellom anna stopp på øya Selja.
Nytt

MS Nordstjernen på pilegrimstur

Den 23. juli legg det gamle hurtigruteskipet Nordstjernen ut på den første pilegrimsreisa langs den nye kystpilegrimsleia frå Stavanger til Trondheim.

27.06.2014
(NPK): Målet er olavsvaka i Nidarosdomen på olsok, 28. juli.
Det er Riksantikvaren som har tatt initiativet til å etablere kystpilegrimsleia frå Sogndalstrand i Dalane til Trondheim, og fylkeskommunane frå Rogaland til Sør-Trøndelag skal saman med bispedømma langs kysten dei neste tre åra arbeide med å leggje pilegrimsleia til rette.
Leia skal kartfestast og merkast, det skal gjerast avtalar med grunneigarane langs ruta, og det skal leggjast til rette for høveleg overnatting og servering.
– Målet er at det skal vere mogleg å reise langs kysten, enten det er med offentlege transportmiddel, tradisjonsbåtar eller private båtar, og gjerne i kombinasjon med vandreetappar.
På denne reisa skal pilegrimane finne informasjon om kulturminne, overnatting, ankringsplassar og så vidare, seier prosjektleiar for kystpilegrimsleia i Hordaland fylkeskommune Tor Titlestad.

Ein ny St. Olavs-veg

Målet er at sjøvegen til Nidarosdomen skal blir ein del av St. Olavsvegane til Trondheim og inngå i det europeiske kulturvegnettverket. Nordstjernen skal på pilegrimsturen sin mellom anna innom Olavskyrkja på Avaldsnes, Moster gamle kyrkje, steinkorsa i Eivindvik, Kinnakyrkja på Kinn og klosterruinane på Selja.

Publisert: 27.06.2014 14:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:34