(NPK): Målet er olavsvaka i Nidarosdomen på olsok, 28. juli.
Det er Riksantikvaren som har tatt initiativet til å etablere kystpilegrimsleia frå Sogndalstrand i Dalane til Trondheim, og fylkeskommunane frå Rogaland til Sør-Trøndelag skal saman med bispedømma langs kysten dei neste tre åra arbeide med å leggje pilegrimsleia til rette.
Leia skal kartfestast og merkast, det skal gjerast avtalar med grunneigarane langs ruta, og det skal leggjast til rette for høveleg overnatting og servering.
– Målet er at det skal vere mogleg å reise langs kysten, enten det er med offentlege transportmiddel, tradisjonsbåtar eller private båtar, og gjerne i kombinasjon med vandreetappar.
På denne reisa skal pilegrimane finne informasjon om kulturminne, overnatting, ankringsplassar og så vidare, seier prosjektleiar for kystpilegrimsleia i Hordaland fylkeskommune Tor Titlestad.

Ein ny St. Olavs-veg
Målet er at sjøvegen til Nidarosdomen skal blir ein del av St. Olavsvegane til Trondheim og inngå i det europeiske kulturvegnettverket. Nordstjernen skal på pilegrimsturen sin mellom anna innom Olavskyrkja på Avaldsnes, Moster gamle kyrkje, steinkorsa i Eivindvik, Kinnakyrkja på Kinn og klosterruinane på Selja.Publisert: 27.06.2014 14:10
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:34