Myklebust Verft inn i iKuben
Søkjer samarbeid på tvers av bransjar.
Digitalisering og berekraft er stikkord for kvifor Sande-verftet Myklebust Verft blir medlem i klyngeorganisasjonen NCE iKuben.
- Det er spennande å sjå på tvers av bransjar. Der møter vi andre typer bedrifter, seier administrerande direktør Inge-Jonny Hide i Myklebust Verft om kvifor verftet blir NCE iKuben-medlem.
Verftet er også med i i klyngeorganisasjonen GCE Blue Maritime, som er retta mot maritime bedrifter.
Berekraft
– Samarbeid på tvers er heilt naudsynt for å få innovasjonen som må til for å nå berekraftsmåla, og det er det vi bidreg til.
- Det skjer utruleg mykje innovasjon innan maritim sektor, og vi gler oss over å ønskje Myklebust Verft, som har over 100 års erfaring med tilpasning til skiftande og krevjande forhold, velkomen til klynga, seier dagleg leiar Konrad Lillevevang i NCE iKuben i ei pressemelding.
NCE iKuben er ei tverrfagleg klynge med bedrifter innan produksjon, teknologi, akademia, FoU og offentleg sektor. Arbeider med digitalisering, berekraft og forretningsmodellar. Administrasjonen ligg i Molde.
Publisert: 15.10.2021 14:18
Sist oppdatert: 07.11.2024 15:27