Ole Kvelstad th Stein Aam foto Ogne
ØRSTA MÅ BETALE: Advokat Ole Kvelstad frå advokatfirmaet Magnus Legal representerte Ørsta i striden om dei kommunale kraftinntektene frå bygdene innerst i Hjørundfjorden. Til venstre for Kvestad, ordførar Stein Aam. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Må betale advokaten sjølv

Volda må betale erstatning, men Ørsta må dekkje sine eigne sakskostnader i striden om kraftinntektene frå bygdene innerst i Hjørundfjorden.

21.02.2022

Bygdene Viddal, Leira, Bjørke, Finnes og Skjåstaddalen vart overført frå Ørsta til Volda frå 2020 etter at 19 av 104 innbyggjarar i bygdene bad om ei revurdering av kommunegrensene. Bygdene har ikkje direkte vegsamband til Ørsta, og elevane derifrå har gått på skule i Volda.

Bygdene har fem kraftverk, og det er kommunen sine inntektene derifrå striden står om.

Kommunane vart ikkje samde om oppgjeret, og tok usemja til skjønsnemda, som konkluderte med at Volda skal betale Ørsta 5,5 millionar kroner i året i perioden 2020-2027.

Det er mindre enn Ørsta ville ha, men meir enn ingenting - som Volda ville gi.

Fekk nei
Ørsta ville også ha dekt sine utgifter til advokat og rådgiving frå Ernst & Young. Tilsaman har det kosta 949.579 kroner og 38 øre, men det må Ørsta betale sjølv, meiner skjønsnemnda:

"Ørstas krav var godt dokumentert allerede i oversendelsen til departementet 17. desember 2020. Det framstår ikke som rimelig at Volda kommune – helt eller delvis – skal bære noen av de kostnadene Ørsta valgt å pådra seg etter den tid." konkluderer Skjønsnemnda.

Begge partar har to månadar på seg til å avgjere om dei skal anke til Overskjønsnemnda.

Nei til avtale
Kommunane brukte kort tid på å konkludere med at dei ikkje vart samde om ein avtale på eiga hand. Då Skjønsnemnda handsama saka i januar i år hadde representantane frå Volda heller ikkje mandat til å forhandle.

I følgje kjennelsen frå Skjønsnemnda kom Ørsta under eit forhandlingsmøte i 2020 med eit framlegg om å dele inntekten 50/50 i 15 år, og deretter auke Volda sin andel til 100 prosent i løpet av fem år.

"Volda kommune tok ikke stilling til utkastet, men viste til at saken burde gå til skjønnsnemnda. ", ifølgje kjennelsen.

Kortar ned erstatningperioden
Då Skjønsnemnda møttes i januar i år var hovdukravet til Ørsta at kommune skulle ha dekt sitt inntektstap i 15 år, og deretter gradvis få redusert erstatning i fem år till.

Det er for lenge, meiner Skjønsnemnda. Åtte år - to økonomiplanperioder - er nok:

"Den konkrete erstatningsutmålingen må, i samsvar med lovens krav, være rimelig.
Erstatningen kan ikke fastsettes for all framtid, men må utformes slik at Ørsta får en rimelig tid til å tilpasse seg inntektsbortfallet. På sikt må kraftinntektene gå uavkortet til Volda.
Nemnda finner at erstatningen best kan knyttes til økonomiplanperiodene, jf. kommuneloven § 14-2 a og § 14-3 første ledd. To perioder bør være tilstrekkelig. Dette er en klart kortere periode enn det som ligger til grunn for kravet fra Ørsta, men etter nemndas skjønn er det ikke grunnlag for en lengre overgangsperiode."

Publisert: 21.02.2022 09:17

Sist oppdatert: 21.02.2022 09:49