Jonny høstland fora form foto marius 11
SATSAR MEIR INTERNASJONALT: Supply chain manager Jonny Høstland i Fora Form påpeiker at Ørsta-bedrifta kan smykke seg med tittelen - Norges mestvinnande designbedrift. No aukar dei satsinga mot utlandet.
Nytt

Må ut for å vekse

Fora Form trappar opp eksportsatsinga, men vil ha meir draghjelp frå styresmaktene.

Marius Rosbach
10.09.2021

Etter eit rekordår for Fora Form i 2019, fall omsetninga tilbake på meir normalnivå for møbelbedrifta i fjor.

– Vi har hatt kring 150-160 millionar i omsetning i fleire år, og opplever at det er vanskeleg å vekse meir her til lands, fortel supply chain manager Jonny Høstland i Fora Form til NETT NO.

Rekneskapen er ikkje offentleg enno, og Høstland vil difor vente med å gi ut dei konkrete tala.

Fora Form lagar møblar for kontraktsmarknaden til bedriftsmarknaden og det offentlege. Sofaene og stolane deira finst i alt frå kino- og konsertsalar, til venterom og flyplassar – og sjølvsagt møterom og kontor.

Satsar i fleire land
No aukar Ørsta-bedrifta innsatsen for å selje meir av møblane til utlandet. Mellom anna har dei sikra seg ein agent i Miami i USA og dei er til stades i Frankrike, Benelux og Finland.

– No satsar vi også i London. Vi har veldig trua på dette, og det blir spennande å sjå kva vi får til, legg han til.

I dag er Sverige den største marknaden utanfor Norge, medan dei også har fått fotfeste i Danmark.

– Kan lære mykje av Sverige og Danmark
Høstland ser positivt på etableringa av Eksportstrategirådet i Ålesund, som har kome som følgje av regjeringa sin nye eksportstrategi.

Samtidig er han utolmodig etter å få meir draghjelp frå styresmaktene i satsinga utomlands.

– Vi kan lære mykje av Sverige og Danmark. Her har dei vore langt flinkare til å hjelpe bedriftene ut av landet. Det er ingen grunn til at vi ikkje skal lukkast, legg han til.

(saka held fram under)

Fora form Otis sofa Note hylle foto fora form
DESIGNERS SATURDAY: Sofaen Otis og hylla Note er mellom produkta som skal visast fram i Oslo under Designers Saturday i Oslo, som startar allereie fredag. Foto: Fora Form

Snikkikk på nye produkt
I helga samlast design- og interiørarkitekturbransjen seg i Oslo til Designers Saturday. Saman med Fora Form, er Fjord Fiesta, LK Hjelle og Glamox representert frå Nordvestlandet.

– Det er første gongen eg er på dette, og er spent på konseptet, fortel Høstland.

I showrommet i Pilestredet kan besøkande få ein snikkikk på to produkt som ikkje er slept på marknaden enno – stolen Atrium og sofaen Senso Frame. Sistnemnte er ei vidareutvikling av deira desidert mest populære produkt. Senso-sofaene står gjerne for meir enn 40 millionar av den årlege omsetninga.

– For første gong kjem vi også med ei litt mjukare sofa kalla Otis, legg han til.

Publisert: 10.09.2021 13:45

Sist oppdatert: 17.09.2021 10:42

Mer om