Fora form arena auditorium foto fora form 22
NY STOL: Auditoriestolen Arena blei lansert torsdag. Slik ser Fora Form-nyheita ut med høg rygg og seta nede. Foto: Forma Form
Nytt

Ny stol frå Fora Form

Lanserte nyvinning som opnar for kreative løysingar i auditorium.

Marius Rosbach
22.04.2021

Forma Form i Ørsta lanserte torsdag den nye auditoriestolen Arena, som gir moglegheiter til meir fleksible løysingar til amfi og tilsvarande lokale. Stolen er designa av Torsteinsen Design og produsert ved fabrikken i Ørsta.

Nyvinninga består i at kvar stol blir festa i ein «smart singulær innfesting», som gjer at stolane kan bli montert uavhengig av nabostolane, som ofte er vanleg på slike stolar.

– Arena opnar no opp for at auditorium kan byggast i bue, vifteform eller andre kreative løysingar, heiter det i ei melding frå møbelprodusenten.

Ikkje like bra som rekordåret
Bedrifta har hatt fleire år med vekst, men totalt kom ikkje omsetninga i 2020 opp mot inntektene frå rekordåret 2019.

2020-rekneskapen til Forma Form er ikkje offentleg enno, men salet av lause møblar var god. Fora Form-sjef Thomas Haram fortalde i fjor sommar til NETT NO at dei på det tidspunktet hadde nådd budsjettmåla sine.

Kring 40 tilsette i Ørsta
Fora Form lagar møblar for kontraktsmarknaden, frå stolar til kino- og konsertsalar, til venterom og flyplassar, til møterom, kontor og fellesareal i bedrifter og institusjonar.

Selskapet har omlag 55 tilsette - 40 av dei i Ørsta.

Hovudkontor og monteringsanlegg ligg i Ørsta og selskapet er en del av det svenske børsnoterte selskapet Lammhults Design Group.

Publisert: 22.04.2021 11:46

Sist oppdatert: 22.04.2021 12:00

Mer om