Terje Berge Galvano foto Ogne
VEKST: Terje Berge i Galvano har lagt fram eit reknskap med rekordstore driftsinntekter, og ventar ytterlegare vekst i år. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Møbelboom for Galvano

Sjefen i Stranda-bedrifta ventar meir vekst i år.

05.04.2022

Korona-boomen for møbelindustrien gav rekordinntekt for Galvano på Stranda i fjor.

Selskapet lagar stålkonstruksjonar og har eiga fornikling og lakkeringsavdeling. Den mekaniske industribedrifta har mellom andre Ekornes og Fora Form som kundar, og oppsvinget for møbelindustrien i 2020 gav også Galvano meir å gjere.

Så langt i år ser det ut til at 2022 blir enda betre enn i fjor.

- Så langt har vi auka med 40 prosent på omsetninga, seier dagleg leiar og medeigar Terje Bergo til NETT NO.

Optimismen for 2022 skuldast mellom anna av Galvano arbeider med å vinne innpass i nye marknadar, der Berge håpar på ei snarleg og positiv avklaring.

Nærare kundane
I tillegg til fabrikken i Stranda er Galvano også majoritetseigar i ein fabrikk i Polen.

Etter forstyrringa i forsyningslinene som koronapandemien har skapt, og auka transportkostnadar, merkar Galvano no at fleire kundar ønskjer å ha leverandørane sine nærare seg. Det kjem begge fabrikkane til gode, ifølgje Berge.

Fabrikken i Stranda har 20 tilsette, fabrikken i Polen 17.

Kostnadsauke
Først koronapandemien og no krigen i Ukraina har gitt ein kostnadsauke som Galvano ikkje helde tritt med. Det gjorde at lønsemda ifjor ikkje blei så god som Berge hadde håpa.

I fjor venta selskapet til sommaren før det sette opp prisane, og i år er det prisauke på stål og nikkel (som blir brukt til fornikling) som er utfordringa.

Til dømes kosta den siste nikkelbestillinga Berge gjorde over det dobbelte av kva han måtte betale ved førre levering. Det merkast når nesten ein fjerdepart av kostnaden i forniklingsprosessen er prisen på råvara nikkel.

Galvano as
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt41,330,5
Driftsresultat2,40,9
Resultat før skatt2,10,5

Publisert: 05.04.2022 09:00

Sist oppdatert: 05.04.2022 09:04

Mer om