Møbelbygda treng fleire bein å stå på
Sykkylven er mellom dei meste sårbare kommunane i landet grunna einsidig næringsliv. Då passar det godt med ei 30-årsfeiring og påfyll med optimisme.
Torsdag samla næringsliv og andre aktørar seg for å markere at Sykkylven Næringsutvikling er 30 år. Bakteppe er ein møbelindustri som har slitt med lønnsemda – og eit ønske om å skape ei framtid i kommunen som har vore møbelbygda framfor nokon andre.
– Situasjonen i Sykkylven per i dag er eigentleg ganske bra, men det er nokre mørke skyer på himmelen og vi må gjere det vi kan for å møte tøffare tider, fortel dagleg leiar Åsne Folstad i Sykkylven Næringsutvikling til NETT NO.
Møbel, nye næringar og bulyst
Selskapet som jobbar for å utvikle næringslivet i Sykkylven hadde sett opp tre tema for dagen; møbelindustrien før og i framtida, nye næringar og bulyst.
– Det er viktig at vi får fleire bein å stå på og difor har vi forsøkt å ta tak i dei næringane vi har mykje kompetanse på, men også sjå på nye næringar som veks fram, seier Folstad.
Reiseliv og lokalmat fekk representere dei nye næringane med lokale representantar frå Fjøla Café & Event, Brennevinsgrova og Frøysagarden.
Les også: - Interessa for lokalmat har eksplodert
Vart trigga av alle som sa at det var håplaust
Troll, brennevin og turar på ukjende stiar
Fekk lære av Trysil
Med seg på laget hadde Folstad fått med sin tidlegare klassekamerat Egil Sundet frå Norsk Industri og tidlegare lærar, Ole Martin Norderhaug som var ordførar i Trysil i ei årrekke.
– Trysil er ein føregangskommune med å jobbe systematisk med slike utfordringar. Dei hadde krise for nokre år sidan med skogindustrien som gjekk tilbake. Då gjekk kommune, næringsliv og grunneigarar saman la grunnlaget for vekst i reiselivet, seier Folstad.
Vil ha meir draghjelp
Egil Sundet som leiar arbeidet med designindustrien i Norsk Industri, påpeika at ferdigvareindustrien omsett for 121 milliardar årleg - meir enn både sjømatnæringa og reiselivet.
Det var eit tal han meiner bør gi større merksemd både frå media og styresmakter. Sunde ønskjer også meir draghjelp i form av betre eksportordningar for produsentar av sokalla ferdigvarer.
– Eit avgjerande grep for å få ei positiv utvikling, er at vi har styresmaktene med oss - og her i Sykkylven er det gode moglegheiter for all industri, la han til.
Langt lågare eksport enn Sverige og Danmark
Sundet meiner bedriftene i våre nordiske naboland Sverige og Danmark, har langt betre ordningar til å hjelpe seg ut på verdsmarknaden. Det viser seg i tala for ferdigvareeksporten – som ligg langt høgare enn i Norge.
Delen av totaleksporten i Norge ligg på seks prosent, medan den i Sverige og Danmark er rundt 25 prosent. Sunde påpeika at trass i at eksportutviklinga i Norge er på botnnivå mellom OECD-landa dei siste 20 åra, har økonomien blitt berga av oljeinntektene.
– Det skjer samtidig ei positiv utvikling, sa han.
Eksporten er i vekst, heimemarknaden for møbelindustrien er framleis bra og investeringa auke i 2019, fortalde Sunde.
Les også: Har større kapasitet ved Ekornes-kaia
Ekornes med store miljøambisjonar
Peker ut 24 «framtidsnæringer» for verdiskaping - se hvilke
Det er nokre mørke skyer på himmelen og vi må gjere det vi kan for å møte tøffare tider
Publisert: 29.11.2019 05:55
Sist oppdatert: 13.10.2021 11:06