Per Arne Sætre Vatne Møbler foto Ogne
FINT YRKE: – Eg må seie eg har hatt det veldig kjekt. Det er ein utruleg fin ting å lage møblar og restaurere møblar, seier møbelveteran Per Arne Sæter. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Møbelveteranen går av med pensjon

Snart er det slutt for Vatne Møbel AS. Men merkevarene skal leve vidare.

Kjell Arne Steinsvik
30.07.2022

– No skal vi verte pensjonistar og avvikle. Det har vore planlagt ei stund, og vi er omtrent i mål med det, seier Per Arne Sæter (67), dagleg leiar og hovudaksjonær i Vatne Møbel AS.

Vatne Møbler har røter heilt tilbake til 1940-talet, då Knut Sæter laga sine første prototypar av lenestolar. I 1989 vart bedrifta kjøpt opp av Stokke Gruppen, før sonen til Knut, Per Arne Sæter, gjenoppliva familiebedrifta i 2002 saman med Randi Hustøft og Terje Ulvestad. Etter å ha vorte råka av finanskrisa i 2008 la bedrifta ned, men vart starta opp att i 2010.

Sjølv om møbelveteranen no gir seg og avviklar bedrifta, kjem han likevel til å ta nokre oppdrag ut over hausten og vinteren. Eigarane har også sikra at kjende merkenamn, som Falcon, ikkje skal forsvinne i historiebøkene.

– Vi har selt ut hovudprodukta, så dei vert vidareført av andre. I dette tilfellet LK Hjelle. Då er dei i gode hender. Dei har teke over nokre produkt frå oss tidlegare, seier Sæter.

Mellom anna er den populære Kayser 711-stolen eit tidlegare Vatne-produkt.

Fint yrke
Sæter, som no skal nyte pensjonisttilværet, seier han ser fram til å få meir tid til anna enn arbeid. Likevel kjem han til å sakne yrket etter ein mannsalder i møbelbransjen.

– Eg må seie eg har hatt det veldig kjekt. Det er ein utruleg fin ting å lage møblar og restaurere møblar. Spesielt i liten skala. To dagar er aldri like. Det er store variasjonar og stadig nye utfordringar, seier Sæter.

I løpet av karrieren har han også teke oppdrag innan produktutvikling for kollegaer i bransjen. Både Fora Form, Fjordfiesta og Slettvoll har hatt samarbeid med Sæter.

Kvalitetsmedvitne
Sæter har merka seg at nordmenn har interesse for å investere i møblar som varer i mange år. Dette har gitt grunnlag for fleire små og store møbelprodusentar.

– Eg har inntrykk av at folk er medvitne på kvalitet og vel å leggje pengar i møblar. Både innafor det vi driv med, men også soveromsmøblar, kjøken og bad. Det er mange folk med mykje pengar i Noreg, som har råd å bruke dei på skikkelege ting som varer.

Restaurerer
Sidan møblane har høgare kvalitet enn masseproduserte og billegare alternativ, ser Sæter ofte at gamle møblar, gjerne frå 1950- og 1960-talet, kjem tilbake til fabrikken for å få nytt liv.

– Interessa for å restaurere gamle Vatne-møblar er aukande, så slik sett burde vi halde fram nokre år til, meiner han.

– Dei siste månadane har vi hatt møblar frå Narvik i nord til Sørlandet som skulle restaurerast. Det synest eg er veldig flott. Dette er møblar der stoffet kanskje er slitt, men elles er det bra. Sjølv om stoffet kostar, er det god miljøpolitikk å få trekt det om.

Ekte
handverk
Som gamal møbelsnikkar, har Sæter stor interesse for at handverket som ligg bak kvalitetsmøblane vert ført vidare. For det er ikkje alt som kan gjerast med moderne maskiner.

– Eg er ofte imponert over kor fantastisk fine detaljar dei klarte å lage for lenge sidan, med det utstyret dei hadde. Det var meir finarbeid og fagfolk innan trebearbeiding då enn i dag. På 1950- og 1960-talet, var det enormt mange norske trearbeidingsfabrikkar. Særleg innan skapmøblar laga dei fantastiske produkt. Slik er det ikkje lenger. No kjem det flatpakka frå utlandet.

Vatne Møbler as
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt6,03,2
Driftsresultat2,10,4
Resultat før skatt2,10,4

Publisert: 30.07.2022 05:00

Sist oppdatert: 29.07.2022 21:17