BD 7033
STRAUM: Mørenett kjøper 40 mil med kraftnett. Illustrasjonsfoto: Mørenett
Nytt

Mørenett overtar viktige kraftnett

Kjøper 40 mil med straumnett frå Ørskog til Orkdal, og frå Sunndalsøra til Vågåmo.

06.12.2022

Olje- og energidepartementet har fatta endeleg vedtak i klagesaka om å omklassifisere transmisjonsnett til regionalt distribusjonsnett i Møre og Romsdal. Omklassifiseringa skjer med verknad frå 1. januar 2023, og Mørenett har signert kjøpsavtale med Statnett om å overta delar av desse anlegga frå same dato.

Dette opplyser Mørenett i ei pressemelding tysdag.

- Berebjelke i regional kraftforsyning
Anlegga Mørenett skal kjøpe strekkjer seg frå Ørskog i Møre og Romsdal til Orkdal i Trøndelag, og frå Sunndalsøra til Vågåmo i Innlandet. I tillegg er delar av Ørsta transformatorstasjon omfatta.

Til saman består anlegga av om lag 40 mil 132 kV kraftlinjer og 10 transformatorstasjonar.

- Vedtaket sikrar regionalt eigarskap til eit kraftnett som er berebjelken i den regionale kraftforsyninga. Med Mørenett som eigar legg vi til rette for ei samla forvaltning av det overordna regionalnettet på Nordvestlandet, seier Rune Kiperberg, adm. direktør i Mørenett.

Vil samarbeide
Etter at kjøpet er gjennomført vil Mørenett få nye grensesnitt mot Elinett, Romsdalsnett, Mellom, S-nett, SuNett, Tensio, Fjellnett, Eidefoss og Statkraft.

- Mørenett vi ta initiativ til å sikre eit godt samarbeid rundt utvikling og drift av denne viktige infrastrukturen til det beste for både kundar og næringslivet i regionen, seier Kiperberg i pressemeldinga.

Publisert: 06.12.2022 12:22

Sist oppdatert: 06.12.2022 12:31

Mer om