Naeringspris til Norhus O Ersta
VEKST: Einar og Lauritz Holsvik i Norhus Ørsta har gått i pluss kvart år i 20 år og ekspandert ut over heile Sunnmøre
Nytt

Næringspris til Norhus Ørsta

Norhus Ørsta får Sparebank 1 Søre Sunnmøre sin næringslivspris for 2016.

13.03.2017
- Det er alltid kjekt å motta ein pris, seier dagleg leiar Einar Holsvik.
Saman med far sin, Lauritz Holsvik, er han største aksjonær i Norhus Ørsta/Tema Holding, som har vore gjennom ein stor vekst dei siste åra.
Selskapet har etablert avdeling i Bergen, og vil starte salet av 169 bueiningar i Bergensområdet i løpet av hausten, med byggestart i 2018 som mål.

Driv Norhuskjeda

I fjor kjøpte dei aksjemajoriteten i byggefirmaet Tyrolerhus, med hovudkontor i Sandefjord.

Dei eig 50 prosent og er også med på å drive også Norhuskjeda, med 18 franchiestakarar i Austlandsområdet.

Nytt liv på ytre søre

Oljeprisfallet førte til at aktiviteten i bustadmarknaden på ytre søre Sunnmøre stilna og har vore stille eit år tid, i følgje Holsvik.
Men i romjula kom teikna på at det er nytt liv i marknaden.

- Det byrjar å bli meir interesse igjen, seier Holsvik.
Firmaet har til saman 100 bustadseiningar til sals i Herøy (62) og Ulstein (38), og vonar på byggestart i løpet av hausten.
Hittil i år har Holsvik seld for 64 millionar kroner, 10 millionar over nivået frå same tid i fjor. Det er bustadar i Ørsta/Volda og Ålesund.


Publisert: 13.03.2017 13:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:07