Naermar seg fjoraaret i fangstverdi
FANGST: Sveinung Remøy og Karl Lennart Kvalsvik på Siwa med torskefangst på fire tonn.
Nytt

Nærmar seg fjoråret i fangstverdi

Torskefisket har skote fart siste dagane. Alt denne veka kan ein passerere fjoråret i fangstverdi.

16.03.2015
Fram til klokka 15.30 var det måndag meldt inn totalt 467.000 kilo fisk til Surofi (Sunnmøre og Romsdal fiskesalslag). I hovudsak var dette torsk.
Fangstane var fordelte på 93 fartøy.
Nerlandsøy-båten Siwa var av båtane som leverte ved Sunnmørsfisk i Fosnavåg.
- Vi har rundt fem tonn torsk i dag, påluss 400-500 kilo sei. I går var det endå betre. Dåp hadde vi seks tonn.

Godt med torsk

Det seier Sveinung Remøy frå Nerlandsøya. Båten er eigd av Vidar Hareide, opphaveleg frå Eidsdal, no busett på Nerlandsøya. Sveinung Remøy og Karl Lennart Kvalsvik er med og hjelper til under torskefisket.
- Det ser bra ut no. Det er bra med torsk å sjå. Om det vert bra vêr framover, vil vi få oss nokre fine dagar, seier Remøy.
Båten fiskar på opa kvote med rundt 100 garn.
Måndag var det i hovudsak stor skrei som vart levert.
- Tidlegare var det mykje kysttorsk. No er det ferdafisk.

Langt ute

Fangsten vart tatt ute på Mebotnen.
- Du må dit ut for å få skikkeleg fangst, seier Remøy.
Han fortel at det ikkje lenger er sild å sjå.
- Nei, ho er vekke.
Prisen for rund torsk var måndag 9,50 kroner kiloen.
Sunnmørsfisk sløyer og kappar fisken, isar den ned og transporterer den fersk til Danmark.

Passerer snart fjoråret

Hittil i år har det gjennom Surofi vorte innmeldt 9.781 tonn torsk til ein samla verdi på 150 millionar kroner.
I heile fjor vart det innmeldt 16.888 tonn torsk til ein samla verdi på 164 millionar kroner.
Det er venta at ein alt i løpet av denne veka vil passere fjoråret i fangstverdi for torsken.
Tidlegare var det mykje kysttorsk. No er det ferdafisk

Publisert: 16.03.2015 15:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:42